Mange var til stades på folkemøtet på Kvitsøy. Dette møtet førte til opprettinga av ei ny aksjonsgruppe. Foto: Silje Talgø Klakegg

På fylkestinget blei det bestemt at køyretøy på fylkesvegferjer i Rogaland ikkje lenger skulle vere gratis. I ein pressemelding skriv den nye aksjonsgruppa A at dei representerer eit grasrotopprør på vegner av de ikkje-landfaste øyane i Rogaland.

Vidare skriv dei i pressemeldinga at gruppa har følgjande mål:

«Fylkestingets vedtak i desember 2023 om fjerning av gratis ferje skal leggjast dødt, samtidig som hurtigbåttilbodet gjennomførast på det nivået som skissert i same vedtak.

Dette vil no aksjonsgruppa jobbe kontinuerleg med, gjennom open informasjon og påverknad, og saman med mange gode støttespillere, helt fram til målet er nådd.»

Neste steg

Første skrittet for den nyetablerte aksjonsgruppa blir å følgje opp folkemøtet på Kvitsøy 16. desember og alle de innspill og oppfordringar som blei gitt under dette møtet.

Konkret vil leder av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Sigbjørn Gjelsvik, som dessutan var til stades på møtet, sine ambisjonar og fråsegn bli følgt opp.

Støtte frå statsråd

Vidare visar dei til Sigbjørn Gjelsvik sine utsegn frå møtet på Kvitsøy:

I tildelinga står det; brukast til å redusera pris og gjera samband gratis.

Det er gitt for at me meiner at pengane skal brukast til dette. Det er ei tillitsbasert løyving som frie middel, det skal likevel gå til det det er løyvde til.

Dette må løysast. 15 millionar kan ikkje velte lasset. Me vil sjå på kva som kan gjerast frå statlege styresmakter, og med tanke på betre føreseielege inntekter for Rogaland.

Det er berre Rogaland som har prøvd å teste ut om me meiner at løyvingane verkeleg skal gå til dette. Me skal gjere det som står i vår makt og tydeleggjere ytterlegare slik at dette skal løysast.

Pengane er føresett brukt til gratis ferje, det er eit klart premiss. Me vil bidra til å finne løysingar. Dette skal me få til. Men me kjem ikkje til å akseptere at tilbodet blir dårlegare, og at hurtigbåt og ferje stillast mot kvarandre.