Sjå kor stolt Oddvar Vignes er! Det er rett og slett ikkje mogleg å sjå skilnad på peparkake-Oddvar (t.v.) og Oddvar Vignes (t.h.) Foto: Silje Talgø Klakegg

Kva har Steve frå Minecraft, ein katt, Jan Sigve Eike, ein brannmann, Oddvar Vignes, eit troll, ein bonde og nissen til felles? Jo, dei har alle blitt laga peparkake av.

Rita Lindås, Ragnhild Valand, Oddvar Vignes og Merethe Meling Kindingstad diskuterer ivrig for å finne ei peparkake som kan kårast til vinnar innanfor kvar klasse.

– Men det er eigentleg ei umogleg oppgåve. Alle er så fine.

Nokre figurar manglar hale og hovud, men det betyr ikkje noko så lenge kaka var heil då ho blei levert inn.

– Me fiksar, seier Valand.

Ulike kriterium

Utover bordet ligg englar, fotballspelarar (både Ronaldo og Anders Eike er til stades), troll, huldrer og bønder.

– Me ser på ulike ting når me skal kåre vinnaren. Peparkaka må vere solid nok til at me kan henge ho opp, og ideen bør vere ny, ekstra god eller svært lokalt forankra, seier Lindås.

Alle kakene lev opp til idé-kriteriet, meiner juryen.

– Viss me ser på «Bygdatrollet», så er dette eigentleg berre ein kladeis med deig som er omgjort til moderne kunst som me alle kjenner oss att i. Bygdetrollet har mange auge som ser alt som skjer på bygda.

Ulike klassar

Når vinnaren i klassen for 1–5 år skulle kårast, var det også vanskeleg å velje.

– Dette er kvalitet, seier Oddvar Vignes om dei mange peparkakefigurane.

Juryen vel å trekke fram Heine Sevheim Østhus på 4 år som vinnaren i klassen.

– Han vel å fremje ein viktig tematikk i kunstverket sitt. Alle treng ein god ven, og desse er berre herlege, seier juryen.

Vinnaren i klasse etter klasse blir kåra med store vanskar.

– Det er rett og slett eit skyhøgt nivå, og mange godt utførte peparkaker. Nokon festlege, andre vakre, mange kreative og veldig flotte, seier jury.

Til slutt endar dei på følgjande vinnarar i klassane:

Hovudpremie: Oddvar. Laga av Alida 8 ½ år

Vaksne: Bygdetrollet. Laga av Christine S. Nårstad

14–18 år: Bonde. Laga av Ronja, 16 år

10–13 år: Teddybjørnens jul. Laga av Sigrid Irene, 10 år

6–9 år: Nissorama. Laga av Lilly, 7 år.

1–5 år: To gode vener. Laga av Heine, 4 år

Premiar til vinnarane

– Vinnarane får gåvekort som kan hentast på innbyggartorget, fortel Oddvar Vignes.

– Samstundes vil eg takke for alle innsende bidrag.

Peparkakene kan sjåast på biblioteket og innbyggartorget fram til jul.

Øyposten gratulerer vinnarane.

Dei andre vinnarane kan du sjå her: