– Tysdag klokka 20.25 fekk politiet melding om tre kyr midt på E39 på Sokn, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen.

Dyra heldt seg rett ved utløpet av Byfjordtunnelen, og difor blei fartsgrensa i tunnelen sett ned.

– Klokka 20.48 fekk me melding om at ein bonde var på staden med traktor for å få kyrne heim, seier Ellingsen.

Elles har politiet onsdag ettermiddag dette å melde frå øyane så langt denne veka:

Måndag kveld fekk ein båt motorstopp på Byfjorden utanfor Mekjarvik. Situasjonen var utan dramatikk. Hovedredningssentralen sende ut ein båt for å hjelpe.

Kart som viser der Byfjordtunnelen kjem opp i dagen på Sokn: