Kyr hoppa over denne grinda og ut i vegen
Vegtrafikksentralen tek grep etter ny kumelding på E39.
Søndag kveld fekk politiet på nytt melding om ku i vegbanen på E39 ved utløpet av Byfjordtunnelen på Sokn.
– Problemet er ei låg grind inn til ein landingsplass for helikopter der det òg går dyr på beite, seier politikontakt Svend Erik Ellingsen.
Tysdag sist veke kom det melding om tre kyr på E39 på Sokn. Dyra set både seg sjølv og bilistane i fare.
– Vegtrafikksentralen er varsla og grinda er sikra. Gardbrukaren fekk kua vekk frå vegen, seier Ellingsen.
Nokre oransje band er spend over grinda. Om det kjem ei meir permanent løysing, står att å sjå.
Kart som viser grinda på Sokn: