Snart ferdig med å leggje vassleidning over Finnøyvegen

Dei siste dagane har Finnøyvegen vore lysregulert midt mellom Reilstad og Nådå.

Gravemaskin meislar ut grøft til ny hovedvassleidning tysdag.
Publisert: Publisert:

– Me er snart ferdige. Onsdag ettermiddag eller torsdag morgon blir det asfaltering og lysreguleringa blir avvikla, seier ein arbeider i Nordbø Maskin til Øyposten tirsdag ettermiddag.

Han vil ikkje stå fram med namn, sidan det formelt er andre i systemet som skal svare ut pressa.

Grøfta som blir meisla ut i fjellet tvers over Finnøyvegen ved Nærland Gardsutsalg, er for å leggje ny og større hovudvassleidning. Nordbø Maskin jobbar på oppdrag frå Stavanger kommune.

Trafikklys dirigerer bilane forbi i eitt køyrefelt.

– Me skal grave grøft heilt ned til sjøen, der den nye vassleidningen kjem over frå Talgje, seier Nordbø Maskins mann.

Til Talgje kjem vatnet frå fastlandet. Vatnet til Stavanger kommune hentast frå to overflatevasskilder; Stølsvatn i Bjerkreim kommune og Storavatn i Gjesdal kommune, ifølgje kommunens hovedplan for vassforsyning.

Ansvaret for å levere vatn har det interkommunale selskapet Ivar, forkorting for interkommunalt vatn, avløp og renovasjon.

Kart som viser hovedvassforsyninga til Stavanger.