– Me treng veg. Dette handlar om å skape optimisme og å hindre forgubbing, sa Sissel Marie Bjerga då ho torsdag var ein av tre innleiarar under det politiske debattmøtet på Finnøy innbyggartorg.

Bjerga er politikar for KrF i kommunedelsutvalet, men torsdag var ho med som innbyggar på Halsnøy og medlem i arbeidslaget for Øyfast, laget som kjempar for bru og tunnel til fleire øyar i Finnøy kommunedel:

– Me lever heile vegen med usikkerheit om båtrutene. Fastlandsforbindelse vil gi oss ein heilt annan tryggheit og sikre at me i framtida blir noko meir enn eit hytteparadis.

Finnfast ga vekst

Øyposten tek ein avstikkar frå møtet for å sjå på utviklinga i folketal på dei ulike øyane og øygruppene i Finnøy kommunedel frå 1999 og fram til i dag. Med god hjelp frå rådgjevar Jonas Jørstad i Stavanger kommune har me funne grunnkretsane for å følgje endringane i seks ulike delar av dagens kommunedel. Me har tatt med tala for 2009 sidan Finnfast opna 30. oktober dette året.

Tabellen viser at folketalet på Fisterøyane, med Halsnøy som den største, har gått ned med 16 prosent i perioden.

Medan dagens Finnøy kommunedel hadde ei negativ utvikling fram til 2009, så har folketalet samla sett auka markant etter Finnfast. Utviklinga skuldast eine og aleine vekst på dei to øyane som blei landfaste; Finnøy og Talgje.

Tabell som viser talet på innbyggarar i ulike deler av Finnøy kommunedel i perioden frå 1999 til 2023:

199920092023Endring 1999 - 2023
Finnøy152815481980Opp 30 prosent
Fogn317351336Opp 6 prosent
Sjernarøyane472392335Ned 29 prosent
Talgje158173301Opp 90 prosent
Ombo282231234Ned 17 prosent
Fisterøyane174156147Ned 16 prosent
Sum kommunedel293128513333Opp 14 prosent

Av dei ikkje landfaste øyane er det Fogn som har greidd seg best, medan Sjernarøyane har hatt størst fråflytting. På Sjernarøyane er det særleg dei nordlegaste øyane; Kyrkjøy, Aubø og Bjergøy, som har gått markert ned.

Delte meiningar

Sju parti sat i panelet på innbyggartorget, og ordstyrar Jon Olav Runestad utfordra dei til å svare på spørsmålet frå Sissel Marie Bjerga; kor høgt vil dei prioritere Øyfast?

Frå det politiske panelet på Finnøy innbyggartorg med ordstyrar Jon Olav Runestad til venstre. Foto: Sigbjørn Høidalen

Mette Vabø frå Venstre og Torgeir Thorsen frå SV sa ærleg at dei rett og slett er imot Øyfast. Dei er imot å øydelegge meir natur med bruer og tunnelar, sa dei.

– Eg er ikke med på premisset om at einaste vilkår for å få til busetjing er å ha ein asfaltert bilveg inn til byen, sa Thorsen.

Frode Berg frå Arbeidarpartiet viste til at Strand vidaregåande skole har fått eit kraftig oppsving etter Ryfast. Samtidig viste han til at kostnadene med å bygge bruer og tunnelar har auka markant og at det er tale om relativt store naturinngrep.

Tor Bernhard Harestad frå Frp, som sjølv bur på landfaste Bru, er eintydig for Øyfast. Det same er Birger Wikre Hetland frå Senterpartiet, som til dagleg driv mjølkeproduksjon på Sjernarøyane.

– Me skal bygge Øyfast. Me har eit stort næringsliv på øyane som treng bilveg. Eg har jobba for Øyfast på innpust og utpust i tre og eit halvt år, sa Hetland.

Vanskeleg prioritering

Den andre av dei to finnøybuane i panelet, Henrik Halleland frå KrF, har òg jobba i fleire år for Øyfast, blant anna som Finnøys siste ordførar. Han har ein del av æra for at Øyfast er teikna inn på kartet i gjeldande kommuneplan.

– Nokre av øyane som ikkje er landfaste slit med kraftig nedgang i folketalet, sa Halleland:

– Samtidig har det vore eit problem at øyane ikkje har blitt einige om kva del av Øyfast som skal prioriterast først.

Kart som viser gjeldande kommuneplan for Finnøy der Øyfast er teikna inn. Foto: Stavanger kommune

Eitt alternativ er å starte med å bygge bru mellom Halsnøy og Fogn, som kan sikre elevgrunnlaget for oppvekstsenteret på Fogn. Samtidig vil då deler av arkipelaget, det vil sei øygruppa, kunne få eit dårlegare rutebåttilbod.

Innleiar Sissel Marie Bjerga vil ikkje vere med å setje opp ei prioriteringsliste for ulike delar av Øyfast.

– Det må kome seinare. Det som må skje i neste fireårsperiode er at politikarane vedtek å greie ut Øyfast. Viss ikkje det skjer, så vil Øyfast forsvinne frå kommuneplanen, seier Bjerga.

Eit innspel som nyleg har kome frå pensjonert vegingeniør Bjørn Alsaker, er å bygge bru frå nordspissen av Finnøy til sørspissen av Nord-Talgje via Fåreholmen. Denne ideen, som enno ikkje har kome så langt som til teiknebrettet, treng òg eit vedtak om utgreiing.

Tema som samlar

Meiningane om Øyfast er delte. Meininga om ei anna brennbar sak er unison, etter torsdagens debattmøte å døme. Å spørje folk på Finnøy om kraftkabel i bakken eller 132 kilovolts liner i luftspenn, er som å spørje om pengane eller livet.

– Me har vore rundt med lister, og 99,9 prosent av folk på Finnøy har skrive under på at dei er mot kraftmaster, sa innleiar Arild Flesjå i aksjonsgruppa mot master.

Han viste til nye kalkylar, som han sjølv har henta inn, som viser at jordkabel ikkje blir så mykje dyrare heller.

Eitt problem er å få Rogaland fylkeskommune til å gi meir pengar til gang- og sykkelvegar, som gjer at graving av gangveg kan kombinerast med graving av kabelgrøft. Eit anna problem er at Stortinget har sagt at staten må vere svært forsiktig med å bruke meir pengar enn nødvendig på høgspente jordkablar.

Så då er spørsmålet kva kandidatane til neste periodes kommunestyre i Stavanger er villige til å yte? Alle dei sju partia som sat i panelet på Finnøy innbyggartorg, er villige, kom det fram. Alle lova å bidra til at finnøybuane får det som dei vil ha det; fritt for høgspentmaster.