Rekordtidleg slått? – Nei, det skulle vore tatt 1. mai
Tips om rekordtidleg siloslått på Hauskje viser seg å vere ei sanning med modifikasjonar.
På Facebook er det posta eit bilete av at det laurdag 20. mai blei hausta haustrug som silofôr på Hauskje.
Siloslått i slutten av mai høyrest tidleg ut, men er det så tidleg?
– Det skulle vore slått 1. mai, men det har vore ein så kald vår så me venta til 20. mai i staden, seier bonde Stian Roda i Hareid Samdrift.
Forklaringa er at slåtten er på haustrug som berre blir bruka som dekkvekst for ei raigrasblanding. Det er slik dei gjer det for å etablere ny eng.
– Me må ta haustrugen tidleg slik at raigraset slepp til. Den eigentlege slåtten blir vel om fem til seks veker, seier Roda.
Mai så langt har vore prega av mykje finvêr, men det har vore relativt kjølig, fortel Hauskje-bonden:
– Me er alltid glade for ein kald mai. «Mai kulde gjør bønders lader fulle», heiter det.
Kjølig vêr i starten av vekstsesongen gjer at graset blir tett i botnen, og då blir det gjerne bra til slutt, forklarar Roda.