Denne bibelen overlevde flammane på Rygjabø
Dagen før den voldsomme brannen som øydela det historiske skulebygget Rygjabø, berga Eldbjørg Ildstad ut ein bibel frå bygget.
FINNØY: -Eg og avdelingsleiar Nils Petter Sand var på skulen for å setja prisen på møbler som skulle seljast frå skulen. Då me var ferdige og gjekk derifrå, tok eg med meg den tjukke bibelen som låg på pianoet. Eg tenkte at den trong ikkje havna i Strand, kor skulen skulle flyttast til, seier Eldbjørg Ildstad til Øyposten.
Ho jobba som kontorleiar på Rygjabø, og bibelen hadde ho planar om å levera til Ryfylkemuséet på Sand.
-Kvelden etter brann skulen ned til grunnen, og alt gjekk tapt. Pianoet, møblane og dei flotte måleria til Ivar Haugen som hang i restauranten i kjellaren. Bare bibelen overlevde, som ved eit tilfelle, seier Ildstad.
Trist kapittel
Ho og mannen var ikkje på Finnøy då Rygjabø brann, men dei fekk ein telefon om kva som hadde skjedd.
-Det var veldig trist, for det var eit flott bygg omgitt av store flotte blodbøketre. Nå er alt borte, seier ho.
Bibelen er ei tjukk bok, rikt illustrert og skinninnbunden. Den er trykt i 1962, og altså ikkje så gammal.
-Viss Ryfylkemuséet vil ha han ligg han her hjå meg, dei kan gjerne få han, seier Eldbjørg Ildstad.
Blå keramikk
Rygjabø brann ned til grunnen den 6. juni 2016. I 2003 feira skulen 100-års jubileum med diger kake i Fleirbrukshallen. Då skulen brann var undervisninga der nedlagd. Kokk- og servitørlina var avvikla, og naturbruk var flytta ned til det tidlegare meieriet, dagens Havbrukspark.
Etter kvar blei undervisinga i naturbruk flytta til Strand vidaregåande skule.
-Det var ein veldig kjekk plass å jobba, og skulen låg utruleg fint til med stor hage. Fylket hadde oppgradert restauranten i kjellaren for ein million, før han blei nedlagd. Me hadde også pub i «Svineriet», for skulen hadde ambullerande skjenkeløyve. Det var ei kjekk tid, fortel Eldbjørg Ilstad.
Men det er faktisk noko meir som overlevde brannen på Rygjabø. Torborg Kristoffersen, som begynte å jobba der i 1969, har minne etter at ho var i byen og handla blå keramikk av den kjente keramikaren Carl Olaf Olsen, som hadde verkstad i Stavanger og utsal i Valbergtårnet. Gjenstandane skulle pynta opp på Rygjabø.
Via omvegar har ho nå heime eit fat med stett og ein lysestake, så det er med andre ord litt meir som overlevde brannen.
-Det var tragisk at Rygjabø brann, det var som ein andre heim for meg, seier Torborg Kristoffersen.