Desse engasjerte jentene, Zuzanna Kessler (t.v.) og Rakel Skogli er ikkje redde for å seie kva dei meiner. Foto: Silje Talgø Klakegg

Zuzanna Kessler og Rakel Skogli går i sjuande klasse på Finnøy skule.

– Me har eit skuleprosjekt om politikk, og det var difor me deltok på debatten, fortel Skogli. På torsdag rakte ho opp handa i debatten om gardsvindmøller og fortalde at ho ikkje vil ha vindmøller på Finnøy fordi dei drep fuglar.

– Eg hadde ikkje eigentleg tenkt å seie noko, men eg synast tema var interessant og då ville eg seie kva eg meinte. Det er dumt når dei som bestemmer ikkje tar omsyn til dyr og natur, seier ho.

Også klassevenninna Kessler synest det er viktig å tenke seg om før det setjast opp vindmøller som øydelegg naturen. Dei er også engasjert i andre saker, til dømes i skolemiljø og at alle tar vare på kvarandre.

Kontaktlærar Anita Byberg Corneliussen er stolt av elevane sine.

– Sidan me har dette prosjektet om fylkestings- og kommuneval, oppfordra eg elevane til å møte på debatten. Eg synest dei var tøffe som våga å ta ordet. No fekk dei og lære korleis det er å delta i debatt og dette er ein viktig del av valkampen.

Henrik Halleland, førstekandidat frå Kristeleg Folkeparti i Stavanger, trakk i slutten av debatten fram jentene som gode førebilete for anna ungdom.

– Det er så godt å sjå at ungdom engasjerer seg, sa han til alle som lytta til og deltok i debatten.

– Det viktigaste eg sit att med etter debatten, er stemma til dei unge jentene. Det er dei som er framtida, og me må trekkje fram dei unge stemmene.