Bildet blei tatt då Hanne Vasshus stod på Arbeidarpartiet si valliste. Ho vil delta i politikken, men det er vanskeleg å kombinere med livet som åleinemor. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ho blei vald inn i bystyret for Arbeidarpartiet i Stavanger kommune ved valet 2023. Tidleg i 2023 blei ho også mor for første gang, og ho merker at livet som solomor er vanskeleg å kombinere med politiske møte som startar opp rett før barnehagen stengjer.

– Det er mykje logistikk, og det gjeld ikkje berre meg. Foreldre med delt omsorg og foreldre som er to kan også kjenne på same utfordringa. Eg meiner det er rart at dei politiske møta ikkje kan leggjast på tidspunkt der barnehagen er open. Me vil jo gjerne at småbarnsforeldre også skal kunne vere aktive i politikken, seier ho til Øyposten.

Stiller opp

Vasshus fortel at ho har ei søster som stiller mykje opp, men at det burde vere betre å løyse desse utfordringane på systemnivå enn på individnivå.

– Samfunnet må leggje betre til rette for at alle skal kunne delta i politiske avgjerdsprosessar. Ein har rett på fri frå jobb for å gå på politiske møte, men barnevakt må ein skaffe sjølv. Ikkje alle har store sosiale nettverk, og når møta då blir lagt utanom barnehagetid, ekskluderer me ei ganske stor gruppe frå å vere med å bestemme over kommunen me bur i, seier ho.

Ho synest at det er veldig interessant i politikken, men at ho til no har følt at ho ikkje strekk heilt til.

– I tillegg verkar det som at Stavanger kommune ikkje har tatt innover seg at dei arealmessig er mykje større enn dei var før kommunesamanslåinga. Det tar tid å kome seg heim. Siste hurtigbåt går frå Stavanger klokka 19.45.

Fleire utval

Vasshus er med i bystyret og Utval for Kultur, Idrett og Samfunn, og i tillegg er ho fast medlem av Finnøy kommunedelsutval.

– Dei tidlegaste møta startar klokka 14. Det er bystyret. Barnehagen stengjer 16.30, så om søstera mi ikkje kan hente i barnehagen, må eg reise heim seinast med 15.30-båten. Ho arbeidar sjølv, så det er ikkje så lett å få til. Og det er store avstandar på Sjernarøy, så det er ikkje berre å få fatt i ein ungdom som kan spasere heim med ungen, fortel ho:

– Det er heller ikkje bra for eit så lite barn å stadig vekk møte nye barnevaktar. Det må vere nokon som har ei tilknyting til henne, og som ho føler seg trygg på. Ein eittåring kan ikkje vere trygg på tolv ulike barnevakter samstundes.

Vidare seier ho at ho kjem til å ta opp denne problemstillinga med kommunedirektøren.

– Eg må som folkevald møte i mange møte i året. Alle sluttar etter at barnehagen er stengd. Dette blir eit problem kvar einaste gong, avsluttar ho.