F.v. Anny Hatlen, Marit Surnevik, Thomas Nordhus og Marie Gangenes er alle einige om at det er svak politisk handtering av saka. Foto: Silje Talgø Klakegg

På fredag kom sjokknyheita om at biblioteket på Rennesøy stengast på ubestemt tid på grunn av mangel på heis. Heisen har vore i ustand sidan våren 2023, så denne gjengen godtar ikkje argumenta til kommunedirektøren.

– Eg tenkjer på dei som ikkje kan nytte trappene og kome seg inn i biblioteket. Er det så mykje enklare for dei å kome seg til Finnøy eller Madla for å låne bøker? Til Finnøy går det ikkje ein gong buss, seier Thomas Nordhus:

– Dette hadde vore ordna med ein gong viss det var politikarane som mangla noko.

Står til stryk

– Eg gir lågaste karakter til både administrasjonen og politikarane, legg Anny Hatlen til.

– Denne avgjersla handlar ikkje om liv og helse. Heisen har vore ute or drift i snart eit år allereie, utan at dette har vore gjort noko med. Me blir jo mistenksame. Er det ikkje politisk vilje til å utvikle Vikevåg sentrum?

Dei pratar om alle planane som har vore lagt på bordet allereie, og at det midt i diskusjonen om kor mykje pengar kommunen skal investere i rehabiliteringa av Meieriet, blir trekt fram at det skal brukast pengar på Helsehuset.

– Mykje av identiteten til Rennesøy ligg i kulturhuset, fortel Marit Surnevik:

– Det er mange av oss som har vore med på dugnad og haldt det ved like. Det forstår ikkje dei som bur i meir sentrale område av kommunen.

Hus frå det blå

– Det finst ingen konkrete planar for helsehuset som blir snakka om, men Meieriet har vore arbeid med lenge. Når dei då ser at pengane ikkje strekk til, må dei heller sjå på kva dei kan gjere for å kutte kostnadane. Det er kanskje ikkje plass til alt dei ønskjer å ha her, og kanskje heisen ikkje må flyttast, seier Hatlen.

– Nei, dette er ein kamp mellom Stavanger sentrum og dei nordlegaste bydelane. Dei lova oss så mykje når me sa ja til kommunesamanslåing, men når dei uttaler seg om saker som gjeld oss, høyrer me at dei ikkje veit kva dei snakkar om.

– Me vil ikkje ha ein langsam prosess der alt må snakkast om i lange tider før noko blir bestemt. Me vil ha ei rask løysing, og den løysinga er ikkje å stengje biblioteket, legg Nordhus til.

– Dei såkalla uhaldbare forholda har både dei tilsette og besøkande på biblioteket levd med i nesten eit år. Då er det merkeleg at dei må stengje med to dagars varsel, avsluttar Hatlen.