FINNØY OG RENNESØY: Sju frivillige organisasjonar i Finnøy og fem i Rennesøy har søkt og fått stønad. Til saman har dei fått 44 104 kroner.

Samtlege fekk godkjent beløpet dei søkte som.

Kan søka fortløpande

1.oktober opnar søknadsskjemaet for straumstøtteordninga for frivillig sektor for perioden juli-september, skriv regjeringa i ei pressemelding.

–»Regjeringen er kjent med at flere frivillige organisasjoner har problemer med å legge ut for store strømregninger i påvente av støtte fra ordningen. For å kunne støtte organisasjoner med betalingsutfordringer åpnes det for søknader en uke tidligere enn planlagt», skriv dei.

Vidare står det at søknadsbehandlinga vil føregå fortløpande, og at det difor er viktig at organisasjonar som har betalingsutfordringar søker så raskt som råd.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar straumstøtteordninga til frivillge som regjeringa oppretta med bakgrunn i dei ekstraordinære straumprisane. Ordninga skal motverka negative konsekvensar av dei høge straumprisane.

Desse lag og foreningar i Finnøy og Rennesøy har straumstøtte. Foto: Illustrasjon