Får lov til å skjenka, permanent

Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg er fornøyd med at kommunen har bestemt at han skal få behalda skjenkeløyvet for kafeen i Innbyggartorget.

Bygdakokken, Joakim Moberg Wiborg, med dottera Gabriella på armen, er fornøyd med at han får behalda skjenkeløyvet.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

FINNØY: Kommunen har gjort ei ny vurdering av løyvet til Innbyggartorget, etter oppfordring får ordførar Dagny Sunnanå Hausken. Og konklusjonen er at skjenkeløyvet blir ståande. Det gjeld også for uteområdet, møterommet og publikumsområdet i Innbyggartorget, opplyser juridisk rådgjevar Linn Sliper i Stavanger kommune til Øyposten.

-Det er bra å få det avgjort, seier Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg i ein kommentar.

-Er det mange som benyttar seg skjekeløyvet i Innbyggartorget?

-På dagtid er det veldig få, men på lukka arrangement er det ein del som vil ha eit glas til maten. Det gjeld både øl, vin og cider, opplyser Moberg Wiborg, som legg til at han har fått mange støttande ord i saka om skjenkeløyvet til kafeen.