Storfint besøk på årets Kom-prosjekt

Skulesjef Jørn Pedersen har takka ja til å komma på framsyninga

Ein pust i bakken mellom øving og terping. Torsdag er 7.klassingane klare til premiere på årtes KOM-prosjekt.
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Vinn eller forsvinn. Det er tittelen på årets KOM-prosjekt som har premiere fyrstkommande torsdag.

45 spente7.klassingar er i fred med å legga siste hand på verket. Det er mykje som skal på plass før eldåpen torsdag.

Mediegruppa, som har ansvaret for marknadsføring og publisitet, har gått høgt ut og invitert både ordføraren og skulesjefen, samt rektorane på dei andre skulane i Finnøy.

Ny innpakning

Fredag kl 09450 og 1215 blir det skuleframsyning for dei andre elevane.

– Kva er det Vinnn eller forsvinn handlar om?

– Det er jo mobbing då. Og at me ikkje skal utnytta andre til fordel for oss sjølve. Me kan ikkje røpa handlinga, men kan sei at to stikkord er; musikal og Idol-konkurranse.

Framsynga har vore vist tidlegare, men elevane har laga nye replikkar og ein eigen dans. På den måten har dei gjort forestillinga til si eiga.

– Alle gruppene har jobba svært godt sidan kick-offen sist veke. Dei er ivrige og held trykket oppe med sine respektive oppgåver, seier pedagogisk leiar for prosjektet Bitten Samuelsen.

KOM- prosjektet har eksistert i rundt 15 år, og er eit fellesprosjekt for alle elevane året dei byrjar på ungdomsskulen.