Satsar på «Fjellam frå Ryfylke»

27 sauebønder har gått saman om merkevaren «Fjellam frå Ryfylke». Leiar for gruppa er Anne Skartveit frå Halsnøy.

Anne Skartveit er leiar for merkevaren «Fjellam frå Ryfylke».
Publisert: Publisert:

HALSNØY: Sauebøndene har jobba i tre år for å byggja opp merkevaren, og har nå inngått samarbeid med Nortura, Prima Jæren og slaktar Idsøe.

Poenget med den nye merkevaren er betre betaling for lam som har beita i fjellet om sommaren, og betre utnytting av fjellbeita.

-Målet er å levera 10.000 lam til denne merkevaren, seier Anne Skartveit til Øyposten. I haust håpar dei å levera minst 6000 lam, men det er fortsatt plass til fleire.

Sauebonden frå Halsnøy sender 160 sauer og lam på fjellbeite til Valldalen i Røldal.

-Både far og bestefar sende sauer til heis, og eg synes dette er ein tradisjon det er viktig å ta vare på. Viss ikkje fjellbeita blir utnytta tek det ikkje lenge før dei veks over av bjørk og kratt. Det beste eksempelet på det er i Røldal etter at geitehaldet blei slutt der. Nå har det vakse heilt over med småbjørk, seier Skartveit.

For å kunna bli med i merkevaren «Fjellam frå Ryfylke», må lamma mellom anna gå på beite som ligg høgare enn 500 meter over havet.

-Dei får heller ikkje medisiner, og ikkje kraftfôr, men lever på gras og urter som dei finn i fjellet, seier Skartveit.

Lamma blir stort sett leverte rett på slaktebilen etter samling i fjellet.

-Det skjer i september, då «alle» leverer lam til slakteriet. Det betyr også at slakteprisen då er på det lågaste. Difor betyr tillegget me får for «Fjellam frå Ryfylke» mykje, og gjer at me kan forsvara å senda lamma til fjells økonomisk, seier ho.

Ifølge Skartveit tilsvarer tillegget omtrent kostnadane med å frakta lamma til fjells.

Der var ein stor opptur for prosjektet då pinnakjøt frå «Fjellam frå Ryfylke» gjekk heilt til topps i «Det norske måltid» i vår.

-Tilbakemeldingane frå Albert Idsøe har vore svært gode, og me håpar at «Fjellam frå Ryfylke» skal bli eit godt etablert merkenavn, seier Skartveit.