Toppmøte i Oslo om skatteskjerpinga for Finnøy

Skatteskjerpinga for Finnøy står på tapetet når ein delegasjon frå Stavanger reiser til Oslo til møte i kommunaldepartementet i slutten av månaden, for å diskutera endringa i arbeidsgjevaravgifta for kommunedelen.

Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken opplyser at ho reiser saman med leiar i nestleiar i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland og Jon Olav Runestad. Med blir også ordføraren i Kvitsøy og ordføraren på Utsira, som også har fått endra skattetakst.,

I Oslo er det avtalt møte 31. mars med statssekretæren i kommunaldepartementet, Kjersti Bjørnstad (sp).

-.Me skal leggja fram vår sak og argumentera så godt me kan for å omgjera endringa. Det bør vera eit godt argument at Ombo nå er i to ulike soner, seier varaordførar Dagny Sunnanå Hausken til Øyposten.

Det var frå nyttår at det blei gjort endring i arbeidsgjevaravgifta for Finnøy kommunedel. Finnøy var i sone 1a, men dette blei endra til sone 1, som resten av kommunen. Det betyr same arbeidsgjevaravgifta for Finnøy som tidlegare Stavanger og Rennesøy kommunar har. Hjelmelandsdelen av Ombo, derimot, er fortsatt i den same gunstige sona som resten av Hjelmeland.

Publisert: