Finansminister Trygve Slagsvold Vedum m¨å svara på skatteskjerpinga for næringslivet i Finnøy og Vindafjord.|Terje Halland er stortingsrepresentant frå Frp.

SKATT:

Halleland viser til at skattesakjerpinga kan bety inntil ein halv million kroner i auka lønskostnader for bedrifter i dei to kommunane.,

Terje Halland er stortingsrepresentant frå Frp.

-Dette kjem på toppen av ein svært vanskeleg situasjon med korona og sterkt aukande prisar på energi, seier Halleland til Øyposten.

Han synes det er kritikkverdig at korkje kommunar eller næringsliv var orientert om endringa.

-Dette burde sjølvsagt vore sendt på høyring med tilhøyrande grunngjeving, slik at dei berørte kommunane og næringslivet der fekk uttala seg. Det er spesielt merkeleg at endringa skjer når EUs overvakingsorgan ESA slår fast at dei gografiske grensene for arbeidsgjevaravgift internt i kommunane kan Norge fritt bestemma sjølv. Eg kan heller ikkje skjøna kva vesentlegeendringar som har skjedd som gjer at Finnøy og Vindafjord ikkje lenger skal reknast som distriktskommunar. Eg forventar at både dei to berørte kommunane og fylket, som alle har eit rødgrønt fleirtal,  kjem på banen i denne saka, seier Halleland.

-Kva mulighet ser du for å endra på dette?

-Det veit eg ærleg talt ikkje. I utgangspunktet er det slik at ei endring reagerer ingen på, mens ei reversering skal alle ha ei meining om, seier Terje Halleland.