Hurtigbåtterminalen på Fiskepiren blir stengd: -Ein katastrofe

Reaksjonane frå reisande på Fiskepiren i Stavanger er unison: Kolumbus må sørga for at reisande med hurtigbåt og ferjer kan venta innandørs, tørt og varmt, og ha tilgang til toalett.

-Dette er lite brukarvenleg, synes Audny Molnes frå Sauda om den varsla stenginga av venteromet på Fiskepiren.
Publisert:

STAVANGER: Om halvanna veke, 16. august, blir hurtigbåtterminalen på Fiskepiren stengd for reisande. Utopia skal overta bygget og laga heilårs konsertscene med plass til 1000 i lokalet.

Det skal lagast til eit mindre venterom i bygget, men når dette skjer er usikkert. Kolumbus-sjefen antydar overfor Øyposten at nytt venterom kan åpna til påske. Dermed må dei reisande rekna med at det går både vinter og vår før dei igjen kan venta på båten innandørs.

-Dette er ein katastrofe for oss, meiner Vidar Helgeland frå Eidssund.

Det blir ikkje teke særleg godt mot av reisande på Fiskepiren som Øyposten har snakka med.

-Det er katastrofalt for oss, seier Vidar Helgeland frå Eidssund på Ombo.

-Eg synes ingen ting om at Kolumbus skal la oss stå ute og frysa i allslags vêr. Det burde vera mulig å laga ei løysing som gjer at folk kan venta innandørs, meiner Helgeland, som ventar på hurtigbåten etter å ha vore på ein lengre sykkeltur i Danmark.

Denne veninnegjengen frå Stavanger skulle med hurtigbåten til Hebnes for å besøkja den nye vingarden der. Men det var så kaldt på kaien at dei måtte trekkja innandørs, sjølv om det etter kalenderen framleis var sommar. Frå venstre Liv Lodden, Astrid Jørpeland, Bodil Gilje Tumyr og Sigrid Jårvik.

Heller ikkje hos venneninne-gjengen som skal til Vatlandsvåg på kullsamling for sjukepleiarar, blir nyheten ikkje teken godt imot.

–Det går bare ikkje an at folk må venta på båten utandørs, seier dei, og oppfordrar Øyposten til å ta godt i.

Sjølv om kalenderen bare viser 5. august, og det fortsatt er for sommar å rekna, er det iskaldt på kaien denne fredagen, for nordavinden står rett inn Byfjorden. Dei fire veninnene finn det difor best å trekkja innandørs for å varma seg medan dei ventar på å få sleppa om bord.

-Vil Kolumbus at me skal stå ute på kaien midt på vinteren også, viss me for eksempel skal på juletur til Ryfylke. Det høyrer ingen stad heime, slår dei fast.

Plakaten i hurtigbåtterminalen som viser korleis det nye konsertlokalet skal bli

Audny Molnes frå Sauda har benka seg inne i det lyse og luftige venteromet, og synes det er dumt at det ikkje er funne eit alternativ til dei reisande under byggeperioden.

-Folk blir jo bedne om å møta opp tidleg for å nå båten. Dette er lite brukarvenleg, synes ho.

-Heilt bak mål, er kommentaren frå Edith Larsen frå Hebnes, som saman med svogeren Bjarne Trøhaug er på tur til heimbygda hennar for vinsmaking.

-Heilt bak mål, synes Edith Larsen om planane om å stengja venteromet. Bjarne Trøhaug er enig.

Bjarne Trøhaug meiner det burde vera mulig å setja av eit lite hjørne i det store lokalet for dei reisande under ombygginga.

-Det bør ikkje vera noko problem, ein lettvegg ville løyst problemet. Det må gå an å ha to tankar i hovudet samtidig, meiner han.

Edith Larsen forsikrar at ho ikkje kjem til å stå ute på kaien for å venta på båten.

-Då bed eg heller nokon kjøra meg, og sit og ventar i bilen. Eller så reiser eg ikkje i det heile, seier ho.