Av dei verneverdige kyrkjene er det Hesby kyrkje som er hardast råka av forfall og treng mest rehabilitering, spesielt overflatebehandling på veggene. Foto: Arkiv.

FINNØY:

Øyposten har tidelgare skrive om behovet for oppussing av dei gamle kyrkjene i Finnøy og Rennesøy kommunedel. No ligg det føre ein spesifikk oversikt på kva arbeid som bør gjerast på dei enkelte kyrkjene, og kva det vil kosta. Det gjeld kyrkjene Hesby, Talgje, Sjernarøy, Askje, Sørbø og Hausken.,

I denne veka vil me presentera ei kyrkje kvar dag. Fyrst ut er Hesby kyrkje.

Formålet er å setta kyrkjene i god stand slik at dei kan stå i lang tid utan å trenga tiltak ut over vanleg vedlikehald. På nasjonalt plan er målet å setta i stand alle gamle steinkyrkjer til 1000-års markeringa for kristninga av Norge i 2030.

Hesby kyrkje er den av kyrkjene som det hastar mest å oppgradera, og som vil bli mest kostbart. Prislappen for Hesby åleine er nær 15 millionar kroner, det er meir enn alle dei andre kyrkjene til saman.

I 1980 blei kyrkja behandla med ein tett og hard sementslemming, inn -og utvendig. 10 år seinare blei ein tett plastmaling påført utanpå sementslemmingen, denne har vist seg å vera skadeleg for kyrkja.  Den tette overflata har gjort at fukt samlast opp inne i murveggene og har ført til forvitring av

kalkmørtelen, samt skjemmande biologisk vekst ute. Difor må plastmalinga og sementslemminga må fjernast fortast råd. Ny overflatebehandling bør være tradisjonell kalkpuss og kalkhvitting, slik riksantikvaren tilrår for middelalderkyrkjer i stein

Det er også omfattande skader på vindusinnramminga av jern som held glasmaleria mot øst i koret. Resten av arbeidet som er tilrådd, har mindre omfang og kostnader.

Dette er kva som bør prioriterast i Hesby kyrkje:

- Murarbeid, inne og ute. Arbeidet bør utførast over to til tre år, med tid til opptørking av murverket. Denne posten er berekna 11,5 millionar kroner.

- Utvendig trappeanlegg i vest. Mura på ny store deler, i tillegg til å demontera, sandblåsa, rustbeskytta og remontera rekkverk og port, 400 000 kroner.

- Kleberarbeid vindu og vestportal. Reinska for silikon og sement, 380 000 kroner.

- Glasmaleri og vindusrestaurering, 280 000 kroner.

- Reparasjon av sakristi. Full rehabilitering av taket over inngangsdøra, samt dør, vindu og fasadar, 220 000 kroner.

I rapporten står det vidare at restaurering av heile kyrkja vil bli omfattande og at det vil vera gunstig å utføra den i fleire fasar, med start på koret i 2021 og videre til arbeid på skipet i 2022 og 23.

Arbeidet inneber i stor grad fjerning (meisling) av sementslemming med plastmaling og gamle, harde sementfuger.

Det er Stavanger kyrkjelege fellesråd som har teke initiativ til å få på plass ein slik tilstandsvurdering, og utarbeidinga er gjort av Fabrica kulturminnetjenester.