Kolumbus jobbar med eit system som gjer det enklare å bestilla ringeruter, Foto: Arkiv

STAVANGER

: -Det er likevel eit stort men, også med alternativ 1. For i mange av høyringssvara er det komne innspel om store justeringar i ruteopplegget, opplyser rådgjevar Hanne Eriksen Langø i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.,

Fylkeskommunen vil kutta i hurtigbåttilbudet i Ryfylke på grunn av mindre løyvingar frå staten, og Kolumbus la for ein månad sidan fram tre alternativ for kutt i rutene. Alternativ 1 gir størst innspoaring, 38 millionar kroner, men har også dei største kutta. Alternativ 2 er ei mellomløysing, mens alternativ 3, som er forslaget frå hurtigbåtaksjonen i Ryfylke, vil gi minst innsparing men også skåna rutetilbudet mest.

Ifølge Langø har engasjementet i høyringsrunden vore stort.

-Me har fått mange innspel både frå alt frå bygdaråd og grendelag til Rødne, opplyser Langø.

Kloumbus skal nå gå gjennom alle innspela, før det blir laga eit forslag til korleis kutta skal gjennomførast. Dette vil bli lagt fram for samferdselsutvalet i fylket 27. mai, for deretter å bli behandla i fylkestinget i juni.