Sykkelreperataør Andrè Sjøstrand hadde nok å henga fingarane i går på Sentralskulen. Rundt 20 syklar blei sjekka og reparerte. Foto: Stavanger kommune.

FINNØY:

Målet med mobilitetsveka er å setta fokus på reisevanane våre, og få folk til å ta seg rundt meir miljøvenleg.,

Sjekken på syklane er gratis, og kommunen stiller med profesjonelle sykkelreperatørar. I tillegg fekk dei frammøtte gratis lys og ringebjøller.

-  Kommunen vil vera med å stimulera til sykling, difor arrangerer me forskjellige aktivitetar som skal gjera det lettare for folk å gå, sykla eller reisa kollektivt, opplyser prosjektleiar Imme Dirks Espeland.

Mobilitetsveka er eit samarbeid mellom kommunen og Bymiljøpakken, og blir arrangert kvar vår og haust.

Det overordna temaet for årets arrangement er «Hold deg sunn - reis bærekraftig».

- Å sykla er miljøvenleg og berekraftig, og er bra for både miljøet og folkehelsa, seier Dirk Espeland.