Varaordførar Dagny Sunnaå Hausken plantar epletreet som markerer åpninga av skulehagen i Vikevåg, med god hjelp av Tuva R. Olsen og Leon Aslaksen.|Lærar og initiativtakar til skulehagen Hildegunn Håvarstein Hausken, saman med E#Wiler Kofoed og Rakel Østebø.|Skulesjef Jørn Pedersen er imponert over det Hildegunn Håvarstein Hausken har fått til.|Etter at den offisielle åpninga av skulehagen var unnagjort, var det servering av litt sunt og godt til "gjestene".

RENNESØY:

Både skulesjefen og varaordføraren er svært imponeret over skulehagen i Hellandsveien 12 i Vikevåg.,

-Det er ein flott hage, seier skulesjef Jørn Pedersen til Øyposten, og ordførar Dagny Sunnanå Hausken er ikkje snauare.

Skulesjef Jørn Pedersen er imponert over det Hildegunn Håvarstein Hausken har fått til. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Eg skulle ønska alle skular i Stavanger kunna ha ein så flott hage, sa ho under åpninga.

Skulehagen ligg på garden til lærar og odelsjente Hildegunn Håvarstein Hausken, og er komen i stand med god innsats frå familien hennar, foreldre og lokalt næringsliv. Hagen er støtta økonomisk av 95.000 kroner i såkornmidler, og 100.000 kroner frå Sandnes Sparebank.

Hagen ligg utrolig flott til, i ei lun skråning med prima utsikt over Mastrafjorden, og med store, flotte eiketrær ruvande i bakkant.

Planta epletre

Ifølge skulesjefen i Stavanger er det skulehagar andre stader også i kommunen, den mest kjente ligg på Storhaug, men hagen på Vikevåg overgår likevel det meste han har sett.

-.Det må liggja utruleg mykje arbeid bak, for dette er skikkeleg gjort, seier Jørn Pedersen.

Hagen blei offisielt åpna ved at Dagny Sunnanå Hausken planta eit epletre av sorten "Nanna"saman med femteklassingane Tuva R. Olsen og Leon Aslaksen.

Etter at den offisielle åpninga av skulehagen var unnagjort, var det servering av litt sunt og godt til "gjestene". Her blir Fryd Tobiassen servert av lærar Susanne Mjelde og ved sida hennar, nærast kamera, sit Mira Heggland. Vidare på same rekkja ser me Karoline M. Berg, Kasper Dyrseth, Sofie Ona Gjul og Audun Bø, og på rekkja bak Alessia Maria Barbu (t.v.), Naia al Batal, Marilen Ø. Edland og Alina E. Larsen.  Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det vanka også blomster og takk til Hildegunn Håvarstein Hausken, som har fått hagen i stand.

Rektor Tone Finnesand på Vikevåg skule er svært glad for at skulen har fått dette nye tilbudet.

-Sjølv om me bur landleg til på Rennesøy, er det likevel mykje å læra her, seier ho til Øyposten.

I varm augustsol framstår skulehagen som ein mønsterhage, med vakre blomster, pyntelege stiar, bålpanner og vatningkanner på G i ei sjarmerande hagetralle.  I hagen veks bær og grønsaker av mange slag: løk, sukkererter, grønkål, strandkål, purre, jordskokk, rødbetar, salat poteter, knutekål og bær frå ulike bærbuskar. Her er mykje å lukta på og mykje å smaka.

Ynskjer gapahuk og drivhus

Ifølge Håvarstein Hausken har ho også hatt god hjelp av dei som gjekk ut frå sjuande klasse i vår til å ordna til hagen.

-Dei har spadd, planta og luka, seier ho.

Til åpninga var første og femte klasse frå Vikevåg skule invitert, fleire var det ikkje plass til, og dei fekk etterpå kvar sitt pappbeger med ei gulrot, ei plomme, stangselleri og ein blom frå blomkarse. Alt saman etande.

-Barna vil også gulrøter i hagen, det manglar me, og det skal me få til neste år, lovar Håvarstein Hausken, som også ynskjer seg ein gapahuk  og drivhus i skulehagen.

-Drivhus høyrer heime i ein skulehage på Rennesøy kor det er så mange tomatgartneri, seier ho.

Lærar og initiativtakar til skulehagen Hildegunn Håvarstein Hausken, saman med Eilert Kofoed og Rakel Østebø. Foto: FOTO: Rune Nedrebø