FINNØY: Den gule ambulansebåten har vore eit fast innslag ved kaien utfor Ryfylke Næringshage, det tidlegare meieriet på Judaberg, i mange år. Men nå skal han flyttast til nye lokalitetar. Det skal også dei tilsette på båten, som bur oppe i huset på Coop Extra'en når dei er på vakt.,

Frå første mai har Helse Stavanger inngått kontrakt med Faa Brygge om å leiga lokalitetar der.

-Det skal byggjast som eit lite basebygg med fire soverom, opphaldsrom og garderobar, opplyser Oskar moen, eiendomssjef i Helste Stavanger til Øyposten. Det nye beredskapssenteret blir liggjande vegg i vegg med den nye brannstasjonen.

Her, i den nye båthavna, vil også ambulansebåten liggja. Flyttinga skjer ikkje før første mai, når den nye ambulansebåten kjem. Det er nå avgjort at den skal byggjast som ein kombinert brann- og ambulansebåt.

Asgeir Ladstein i Ladstein Bygg, som er medeigar i Faa Brygge, er glad for avtalen, som har ein varighet på 20 år.

- Det ligg ikkje så mykje pengar i dette for oss, men det er ei framtidsretta og god løysing, nær den nye brannstasjonen, seier Ladstein.