SJERNARØY:

Produksjonssjef Lars Martin Lauvsnes Hetland ved Grieg-slakteriet på Helgøy kryssar fingrane for at dei komande dagane går bra når det gjeld trafikken til og frå slakteriet.,

-Dette er ein situasjon eg har lagt ned mykje arbeid i for at det skal gå så smertefritt som mulig, seier Lauvsnes Hetland til Øyposten.

Vegvesenet stengjer kaien på Helgøy for all trafikk frå i morgon av, både ferje- og hurtigbåtrafikken, fram til laurdag 28. november. I denne perioden vil reservekaien på Nesheim bli tatt i bruk. Ferjekaien på Helgøy er den siste som blir stengt for å forbereda kaiane i Finnøy-sambandet på dei nye ferjene som kjem neste år. Dei stikk djupare i sjøen, og difor måtte det sprengjast og gravast på sjøbotnen ved kaiane både på Fogn, Halsnøy, Eidsund og Helgøy.

Vanskeleg å få gehør

Stengninga av ferjekaien på Helgøy i Sjernarøyane er den som får størst følger, sidan lakseslakteriet til Gieg også ligg her, ikkje langt frå kaien. Kvar dag går det ti store trailarar inn og ut frå slakteriet, pluss at 10-12 tilsette pendlar frå andre øyar til jobb på slakteriet.

-Det har ikkje vore lett å få forståelse for vår situasjon, seier sjefen på Grieg-slakteriet.

-Eg har mellom anna forsøkt å få stengninga flytta til januar, kor det minst aktivitet hos oss. Eg har også forsøkt å få vegvesenet med på å  gjera ferdig arbeidet på kaien på Helgøy før dei andre, for å unngå at arbeidet blei påbegynt så seint på året at det kunne vera fare for frost og glatte vegar. Men utan å lukkast, opplyser han.

Grieg-slakteriet fekk heller ikkje noko godt svar frå Kolumbus når det galdt korleis pendlarane til slakteriet skulle koma seg frå Nesheim til Helgøy. Noko buss-for-båt ordning var det ikkje.

-Kolumbus kjende heller ikkje til at det var reservekai på andre sida av Helgøy som hurtigbåtane kan bruka, og først etter gjentatte henvendelsar kom dette på plass. Nå vil alle hurtigbåtar gå innom der i perioden, seier Lauvsnes Hetland vidare.

Små marginar

Sprengningsarbeidet ved kaien inneber også ein risiko for fisk i sjøen. Etter planen skal det sprengjast neste torsdag, mens slakteriet ventar på ny fisk frå Kvitsøy.

-Viss dårleg vær skulle føra til forsinkingar, må entreprenøren til med boblegardin for å bekytta laksen, opplyser Lars Martin Lauvsnes Hetland.

Nå håpar han likevel at det er laga eit opplegg som gjer at arbeidet på kaien går av i likaste laget for slakteriet sin del.

-Me har fått laga eit kart over øyane kor vegen frå Nesheim til Helgøy er innteikna, og som det er avtalen at ferjemannskapa skal gi til vogntog-sjåførane. Dessutan kjem eg til å be vogntog som skal ut frå slakteriet om å venta ein halvtime med å kjøra, til trailarar som kjem med ferja er trygt framme. Det finst nemleg  få møteplassar på vegen mellom Helgøy og Nesheim kor to vogntog kan passera kvarandre, og me må unngå at to trailarar møtest for eksempel på Trandravoll eller den smale brua mellom Aubø og Bjergøy, seier Lauvsnes Hetland, som avslutningsvis oppfordrar alle i privatbil om å ta hensyn til trailertrafikken og rygga viss dei møter ein på vegen.

-Eg trur det skal gå bra, og uansett blir det bra for slakteriet med nye ferjer neste år og betre frekvens når ruta til Nedstrand blir avvikla, avsluttar Lars Martin Lauvsnes Hetland.