Arbeider er i gang ved ferjekaien på Fogn.|Arbeider var i gang ved ferjekaien på Fogn på fredag. (Foto: Oddbjørg M. Måland).

FOGN:

Ein stor flåte med ein langarma Stangeland-gravemaskin utanfor ferjekaien på Fogn får folk til å spørja seg "kva fuglane er det som skjer". Tidlegare i veka har same flåten vore på besøk på Halsnøy.,

-Me forberedar ankomsten av dei nye ferjene, opplyser byggjeleiar Håkon Odland i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.

-Det må gravast ut for å gjera det djupare ved ferjekaiane på Fogn, Halsnøy, Eidsund og Helgøy. Totalt skal to tusen kubikk med masse leggjast på djupare vatn ved dei fire ferjekaiane, seier Odland.

Det er Stangeland Maskin som har jobben, som vil ifølge Odland vil kosta nokre millionar kroner.

-Eksakt kor mykje veit eg ikkje, seier han.

-Vil arbeidet få følger for ferjetrafikken?

-Ikkje foreløpig, men det er mulig det kan bli litt seinare, seier han.