KLEPP

: -Dette hadde me ikkje klart utan deg,  seier dagleg leiar i selskapet Pollinering AS, Maren Homnes Oddane henvendt til Karl Ivar Stangeland.,

Anledningen var åpninga av den nye humlefabrikken på Klepp. Felleskjøpet har bygd om det gamle forsøksfjoset sitt for fleire millionar, og i staden for foring og kyr skal fjoset nå husa fleire tusen humlebol i året.

Det var Karl Ivar Stangeland som begynte produksjonen av humler saman med Endre Fosse for snart 30 år sidan. Då Fosse trekte seg ut heldt Stangeland fram åleine. Sist torsdag kunne han overlata drifta av selskapet sitt Pollinering til belgiske Biobest og Vekstmiljø i Sandnes. Fabrikken i Klepp vil ha ein kapasitet til å produsera 12.000 bol i året.

Biobest er eit av verdas største selskap innan produksjon av nyttedyr med ei omsetning på rundt ein milliard euro i året. Til samanlikning forsyner selskapet gartnarar verda over med 1,6 millionar humlebol årleg. Bak Vekstmiljø står mellom anna Felleskjøpet, Coop Klepp og Norgro.

Stangeland begynte å produsera humler for pollinering av tomat i veksthus. Før humlene blei plantene pollinerte med å slå på strengene som plantene var festa til. Men dei små lodne innsekta gjorde jobben mykje meir effektivt, og i dag blir humler brukt både veksthus og på friland til jordbær, bringebær, frøpoteter og i frukthagar.

-Humlene er fem gonger meir effektive enn ei honningbie, ifølge Maren Homnes Oddane, som saman med fognbuen Berge Sandanger skal sørga for at selskapet har produksjon og økonomi til å hevda seg mot konkurrenten som driv produksjon av bol på Særheim i Klepp. Dei to selskapa er dei einaste i landet som produserer humler, og humler blir heller ikkje produsert i nokon av dei andre nordiske landa.

Stangeland skal likevel ikkje kopla ut humlebransjen heilt, men halda fram som "konsulent" for den nye fabrikken.

-Det er likevel kjekkare med bier enn med humler. Det er meir problemer med humleproduksjon, seier Stangeland til Øyposten.

Karl Ivar Stangeland er utdanna biolog frå universitetet i Oslo, og det var som lektor i Vola i sju år at han blei biten av bieinteressa.Det som begynte med ei bikube i hagen har nå vakse til 100 kuber påp Taksdal på Jæren.

-Eg reknar ikkje med å bli arbeidsledig, eg har hus og heim og ei veninne på Finnøy med hytte i Sognesand. Neste sommar blir eg nok meir på Sognesand, seier den aktive 80-åringen som synes det er kjekt at birøkt har fått så mykje vind i segla dei siste åra.

-I Ryfylke bør det vera gode muligheter for birøkt, betre enn på Jæren kor jordbruksdrifta er så intensiv og meir einsidig, seier Stangeland til slutt.