STAVANGER:

-Me er nå i ferd med å gjera opp status, og ser at me alt har passert 500 påmeldte og eigentleg er fullteikna, opplyser dagleg leiar Arne Thorsen Eide til Øyposten onsdag ettermiddag.,

-Ja,betyr det at det eigentleg ikkje kan ta imot fleire?,

-Det har me nok ikkje den fulle oversikten på enno,for det vil vera avhengig av kva for eit lokaliseringstilbod ein har meldt seg på. Men også i forhold til kva for ei aldersgruppe den enkelte påmeldte representerer, seier Thorsen Eide.,-Dette skal me nå gå gjennom og få ein oversikt på. Men ein ting er i alle fall klart; Interessa for å delta på Idrettspatrulen sitt opplegg har vore overveldane, så eg vil sterkt oppfordra eventuelle etternølarar til å fylgja godt med om det enno skulle vera plass på Finnøy eller Rennesøy.,

                                               Dobbel støtte frå kommunen

I fjor fekk Idrettrådet 500 000 kroner i støtte frå den samla bevilgninga på 7 millionar kroner til Barnas sommer av kommunen. Dette året er støtta dobla til 1 million kroner.

Thorsen Eide trur at årsaka til dette ligg i dei svært så gode erfaringane ein gjorde seg etter arrangementa rundt omkring i dei respektive bydelane og kommunedelane i fjor.,Opplegget i år går over heile fem dagar på dei respektive plassane, der Rennesøy er først ute i perioden 21.-25. juni. Og etter ein rundtur i dei respektive bydelane i Stavanger, vert idrettsrådet sitt "1000-takk" tilbod avslutta i og rundt Fleirbrukshallen og sentralskulen på Finnøy i prioden 9.-13. august.