-Me er veldig spent på korleis situasjonen er i neste månad, når sesongarbeidarane til veksthusnæringa normalt skulle kome. Det er mange her allerede, men behovet aukar når haustinga begynner, seier Arne Madland, dagleg leiar i Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester til Øyposten.,

-Viss det er folk der ute som kan tenkja seg å ta i eit tak for gartneria viss det skulle bli behov, trur eg gartnerane ville bli glade for det. Det dreiar seg om å henta tomater og plukka lauv, som er greie arbeidsoppgåver, seier Madland.

I helga etterlyste han folk som kunne tenkja seg å hjelpa bønder i nøden, viss dei var sjuke og ikkje kunne gå i fjoset.

-Det fekk me god respons på, og eg trur me nå har sikra oss på dette området. Men viss gartneria ikkje får tak i sesongarbeidarar, kan situasjonen bli vanekeleg for dei. Difor ville det vera fint om me kunne få eit vink frå folk som kan tenkja seg å hjelpa til, viss det blir nødvendig, seier Madland.

Sesongen i tomatnæringa begynner for alvor i april, og for Madland er det også aktuelt å undersøkja mulighetene for å få arbeidskraft frå andre næringar som har måtta permittera, eller studentar og skuleungdommar som er interessert i ei ekstra inntekt.

-Tilbakemeldingane frå gartneria er at det førebels går greitt, men at dei snart vil ha behov for folk, opplyser Arne Madland.