Eirik Faret Sakariassen (t.v.), Sissel B. Askeland, Nils Petter Flesjå, Anne Kristin Vik Bruns og dei tilsette sin representant Linn Tønnesen under styremøtet tysdag. |

STAVANGER:

Høyre og KrF fekk ikkje fleirtal for å droppa forslaget om å flytta biblioteket, og be administrasjonen finna pengane som skal sparast andre stader.,

Sølvberget, biblioteket og kulturhuset i Stavanger som også Rennesøy bibliotek nå tilhøyrer, er pålagt å spara 4,2 millionar kroner neste år. Flyttinga av biblioteket på Rennesøy skal gi ei innsparing på ein halv million, ifølge administrasjonen.

På styremøtet i Sølvberget tysdag støtta både SVs Eirik Faret Sakariassen, Aps Sissel B. Askeland og dei ilsette sin representant Linn Tønnesen forslaget.

Eirik Faret Sakariassen meinte Høyre og KrF let vera å ta ansvar med sitt forslag om å gå ein ny runde om innsparinga.

-Det vil gi administrasjonen to dagar til å finna pengane ein annan stad, det er alt for kort tid. Det er ikkje ein god prosess, sa Faret Sakariassen, som beklaga at Høyre og KrF ikkje kunne peika på andre stader å ta pengane frå.

Ifølge Sakariassen ligg kommunehuset bare 260 meter får kulturhuset, og han var sikker på at rennesøybuen ville få eit godt tilbud også der.

Anne Kristin Bruns (krf) meinte likevel at det må vera mulig for styret å koma med alternative forslag.

-Dei tilbakemeldingane eg har fått viser at mange opplever flyttinga som dramatisk, sjølv om ho i utgangspunktet ikkje er tenkt slik. Rennesøybuen opplever at huset deira blir tømt, sa Bruns mellom anna.

Det var Nils Petter Flesjå (h) som sette fram forslaget på vegene av Høyre og KrF, og han peika på investeringane på to millionar for lengre åpningstider i biblioteka i Finnøy og Rennesøy som ein mulig salderingspost. Han åtvara også mot at det kunne liggja skjulte kostnadsbomber ved å flytta inn eit så gamal bygg som kommunehuset er.

Sølvberget-sjefen Anne Torill Stensberg viste til at mykje av arbeidet med lengre åpningstider i dei to biblioteka alt er gjort, og at det bare gjenstår å få på plass utstyret.

-Då vil dei i praksis kunna vera åpne heile døgnet, sa Stensberg, som også meinte at det ikkje kan vera biblioteket åleine som skal "bære kulturhuset på sine skuldre".

Tilrådinga frå fleirtalet går nå vidare til kommunedirektøren, som legg fram sitt forslag i oktober. I desember blir Stavanger-budsjettet endeleg vedteke.