Covid19 viruset er smittsamt i ein periode frå like før, til under sjølve sjukdommen slår ut, truleg mest i starten. Mange kan ha smitten i seg utan å bli sjuke. 80 prosent får lette infeksjonar, men nokre få friske unge, og ei gruppe eldre og/eller sjuke kan få sjukdommen alvorleg og kanskje døyeleg. Kroppen reagerer på infeksjonen med å laga antistoff som både kjempar mot sjukdommen der og då, men som og gjer oss motstandsdyktige. Vaksinering er ein måte til å “lura” kroppen til å produsera dei same antistoffa utan at ein blir sjuk.,

Tre måtar å møta sjukdommen på

Naturmetoden

Ein let sjukdommen gå sin gang utan inngripande tiltak frå samfunnet, bortsett frå dei elementære som går på hygiene, avstand, handvask og liknande. Samstundes prøver ein å isolera dei risikoutsette frå resten av samfunnet slik at dei ikkje blir smitta. Når minst 60 prosent av alle innbyggjarar har hatt sjukdommen, vil den gå raskt tilbake fordi dei er blitt immune, og viruset har for få nye “vertar” å smitta. Men dei risikoutsette kan ikkje komma ut av isolasjon før dei har fått vaksine. Og det vil ta minst eitt år ifrå no. Fagfolk trur i dag at i tillegg til belastninga for dei isolerte risikantane, vil fleire unge og mange risikoutsette likevel døy, og sjukehusa vil ikkje klara belastninga. Storbritannia satsa på denne metoden i starten, men fekk etterkvart “kalde føter”.

Kontrollmetoden

Med denne metoden prøver ein å kontrollera utbrotet slik at ikkje alt hender på ein gong med stor opphoping slik at helsevesenet  bryt saman. Dette krev inngripande tiltak ifrå samfunnet, i tillegg til hygieniske råd. Målet er at epidemien skal dra ut i tid og at folk skal bli sjuke litt etter litt, og bli motstandsdyktige slik av epidemien døyr ut. I starten var dette tanken til norske styresmakter, men ein ser i dag at sjukdomsbyrden med denne metoden vil bli meir enn me kan akseptera, spesielt med tanke på at helsevesenet ikkje vil kunna yta hjelp til alle. Nå satsar me difor på den tredje metoden.

“Hammar og dans” -metoden

Metoden krev svære tiltak i samfunnet med økonomiske, sosiale og menneskelige offer i starten, slik som no. Me slår med “hammar» for å få epidemien ned på ulmestadiet. Me håpar å klara dette til over påske. Metoden blir ekstra effektiv dersom risiko-personane frivillig isolerer seg meir enn andre. Når ulmestadiet er nådd, startar ein ny kamp (dansen) for å halda glørne nede. Situasjonen er utrygg fordi befolkninga ikkje har blitt immune sidan så få har vore sjuke. Me må då satsa på “kunstig” immunitet gjennom vaksine. For å greia ettersløkkinga må me etablera eit omfattande testregime, med utstrekt bruk av isolasjon og karantene når glør blusser opp. Hammar- perioden må vera kortast mogleg, medan danse-hperioden går langt fram mot immunitet gjennom massevaksinasjon.