Leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester Arne Madland, håper styresmaktene finn ei løysing på innreiseforbodet innan 14 dagar. Foto: Arkiv.

Det seier leiar i Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester, Arne Madland til avisa.,

Øyposten har tidlegare skrive ein del om situasjonen i veksthusnæringa i området, som på grunn av koronakrisa frykta for ikkje å få på plass utalandske sesongarbeidarar tidsnok til opninga av  tomatsesongen.

- Arbeidarar har komme ifrå heile Europa. Me har lenge vore klar over at så sant dei har arbeidskontrakt, får dei lov å komma inn i landet. Dei aller fleste kjem til Finnøy og Rennesøy med bil. For dei som må reisa med fly, til dømes ifrå Thailand og Ukraina, er det straks verre. I og med at det mest ikkje går fly lenger, kjem heller ikkje desse arbeidarane seg til Norge. Difor veit eg at det er ein del nye folk, blant anna ungdommar og permitterte i arbeid i fleire drivhus. Det er krevjande for tomatprodusentane å ikkje ha sine eigne folk. Arbeidet består i langt meir enn å henta tomatar, det er mykje å setta seg inn i og dei faste er sjølvsagt meir effektive. Kva som skjer når sesongen er på det høgaste veit eg jo ikkje, men så langt  har eg inntrykk av det går greit, seier Arne Madland.