Høge straumprisar betyr mykje jobb og stor sal av varmepumper for Halvard Lauvsnes ved Finnøy Automatikkservice. Foto:

FINNØY:

Straumprisane er historisk dyre og det meldes om nye rekordar nærmast kvar dag. Vinteren i Rogaland ligg an til å bli prega av jamt høge straumprisar.,

- Denne hausten har vore spesielt god på grunn av dei høge straumprisane. Salet går opp når det kjem kuldeperiodar og når avisene åtvarar mot aukande straumprisar. Dette er dei to store drivarane, seier Lauvsnes. Han held fram: Me trudde fjoråret var eit av dei betre, men det er likevel langt betre i år.

I dag, måndag, er snittprisen gjennom døgnet 2,56 kroner kilowattimen, i tillegg kjem nettleie, avgift og påslag til straumleverandøren, skriv E24.

Stor pågang heile året

,- Heilt sidan sommar har det vore større omsetting enn vanleg av varmepumper. Mange av dei som har sitt på heimekontor under pandemien har investert meir på heimebane. Normalt sel me klart flest varmepumper mot slutten av året, men i år har det vore annleis. Aldri før har me installert så mange varmepumper i hyttene på øyane. Det skuldast den varme sommaren og hausten, og som sagt mange på heimekontor på hytta i år. Dessutan var vintren i fjor kald, og det gjer utslag i år.,-

Korleis verkar ei varmepumpa?

- Varmepumpe bruker energi frå lufta utanfor med låg temperatur og omgjer den til varm inneluft. Kjølemediet som sirkulerer i eit røyr inne i varmepumpa går frå gass til flytande form, og i denne prosessen vert det avgitt overskotsvarme som går ut i rommet.

Den vanlegaste typen varmepumpe på marnaden er luft-til-luft, men det finns og andre løysingar med til  dømes vassboren varme.

Ei varmepumpe lever normalt mellom 12 - 15 år.

- At fleire byter ut gamle varmepumper kjem på toppen av alle nyinstallasjonane. Vanlegvis utgjer dette salet mellom 40 og 50 prosent av totalomsettinga.

Nye sparemetodar

- Klarer du å skaffa nok varmepumper?

- Sjølv om pandemien har ført til generelle utfordringar med levering av varer som kjem frå Austen, har det gått relativt greitt for vår del. Fleire leverandørar har fabrikkar i Europa, og det har berga oss. Akkurat no må kundane rekna med to vekers leveringstid, medan det normalt tek vel ei vekes tid.

Lauvsnes fortel at stadig fleire monterer varmepumpe til oppvarming av vatnet i på varmtvannsbehaldaren.

- Ved å innstalera varmepumpe på varmtvasstanken vert straumforbrukt til oppvarming av vatnet redusert med 2/3. Dei høge prisane gjer at folk finn nye måtar å spara straum på, seier Halvard Lauvsnes.