Holle på Ombo i 1963.

OMBO:

Gardsnavn er kulturhistorie, og lokalt på Ombo er det eit sterkt ynskje om at skrivemåten må bli Holle, som også er brukt i bygdesoga.,

Nå har Kartverket sagt sitt, og avgjort at det skal skrivast Hole. Håle er ikkje i tråd med norsk rettskriving, blir det konkludert, og Holle er også feil og vil skugga for meiningsinnhaldet, meiner Kartverket. Gardsnavnet kjem nemleg av gamalnorsk for hole, elller søkk i terrenget, og skriven med to ll’ar kan føra til mistydingar. Det er difor mindre eigna til å ta vare på namnet som kulturminne, meiner Kartverket.

Skrivemåten Hole er godt innarbeidd over lang tid, skuggar ikkje for meiningsinnhaldet og og er i samsvar med gjeldande rettskriving, er konklusjonen. Finnøy kommune meinte derimot at nettopp Hole kan føra til feil uttale av navnet på Ombo. Mellom anna heiter det Hole kommune på Ringerike, blir det påpeika.

Håkon Eide frå Ombo er ikkje nøgd med avgjerda i Kartverket.,

Avgjerda i Kartverket blir ikkje godt motteken av Håkon Eide på Ombo.

-Eg er veldig skuffa, og kjem sjølvsagt til å anka avgjerda. Hole er eit namn som ikkje høyrer til her, men på Østlandet. Me har aldri sagt Hole, det bør skrivast Holle eller Håle. Det kan du helsa Kartverket frå Håkon med å på Ombo, som ikkje skriv navnet sitt Hokon, seier Håkon Eide til Øyposten.

Språkrådet tilrådde at skrivemåten blei Hòle, med gravisaksent. Det skal ikkje registerast i det sentrale stadnamnregisteret, men kan brukast av det offentlege som variant av den vedtekne skriuvemåten Hole, har Kartverket avgjort.