Grasrotandelen er ei viktig inntektskjelde for idretten.( Arkivbilete)

Og aller mest i Mastra Idrettslag sin klubbkasse. I fjor blei grasrotandelen 183 666 kroner som er mest i Rennesøy På andre plass kjem Finnøy Idrettslag som fekk 88 226 kroner, medan idrettslaget på Fogn kom på tredjeplass med 50 242 kroner.,

Til saman blei 662 675 kroner delt ut til idrett, kultur, lag og organisasjonar i Finnøy og Rennesøy

Til saman 27 lag og foreiningar i Finnøy mottok grasrotmidler, og 31 i Rennesøy.

Det aller minste bidraget gjekk til Finnøy før i tiå med berre éin registrert givar og 34 kroner. Ryfylke vannsportklubb hadde og berre éin givar og fekk 50 kroner.

Grasrot-ordninga blei innført 1.mars 2009, som ei erstatning for bortfallet av automatinntekter. Fem prosent av speleinnsatsen kan gå til eit valfritt lag eller organisasjon. Det vil sei at viss du spelar for 100 kroner, går ein femmer til grasrotmottakeren.

Du kan sjå heile lista over alle som har fått grasrotmidlar på Norsk Tipping sine heimesider.