Kampen sett under eitt var det tre fortente poeng til heimelaget i ein kamp der dei raude slapp med skrekken dei første 45 minutta. Defensivt sleit Finnøy med to feilplasserte sidebackar og mykje feilpasningar i det oppbyggande spelet. Det ga gjestane fleire store sjansar enn dei to dei scora på. Flavius Mihet - kåra til Finnøy sin beste i denne kampen - utligna til 1-1 etter at Anders Eike hadde gjort grovarbeidet.

Etter pause la Finnøy om formasjonen på midtbana. Det gav meir trykk framover. Samstundes var det fleire offensive bevegelsar, slik at ballførar plutseleg hadde fleire alternativ. Jakob Steinnes, som var linjemann før pause, kom inn og utligna til 2-2 berre fem minutt inn i andre omgang. Han gav heimelaget eit betre oppspelpunkt og laga plass for dei andre.

Finnøy spela med fart, bevegelse og presisjon dei siste 45, og skapte ei rekke sjansar. At det var Jarla Sigbjørn Risanger Eike som til slutt scora sigersmålet var ikkje tilfeldig. Han var ein av dei som presterte godt i begge omgangar. Han sette ballen hardt og flatt i mål frå åtte meter. Då sto det 92 minutt på klokka, og Finnøy fekk ei perfekt oppladning til det prestisjetunge lokaloppgjeret borte mot Kvitsøy laurdag 20. oktober.