Spør politikarane om traffikktryggleik
Neste torsdag kan du dela eit måltid med ein folkevald. Kommunedelsutvalet inviterer til eit uformelt arrangement på innbyggartorget der trafikktryggleiken i Finnøy står på dagorden.
- Oddbjørg Måland
FINNØY:
I frå byen kjem Ole Ueland, leiar for samferdselsutvalget i fylkeskommunen, Rune Askeland leiar i utvalg for miljø og utbygging samt Birger Hetland, leiar av kommunedelsutvalet i Finnøy, som også er kveldens ordstyrar.,
Det blir rikeleg høve til å stilla politikarane spørsmål rundt alt som har med trafikk å gjera. Det kan vera gang- og sykkelsti, sikre skulevegar, rassikring, vegnett som bør utbetrast og fleire andre ting. Med andre ord; alt som folk i Finnøy er opptekne av.
Bygdakokken byr på Clucb Sandwich med kylling.
Ingen påmelding, førstemann til mølla-prinsippet, gjeld.