8.mars-lunsj på Sentralskulen

Det har blitt ein lang og kjærkommen tradisjon blant lærarane på Sentralskulen på Finnøy. I 15 år har dei markert kvinnedagen med gratis lunsj.

Solveig Mjølsnes Hatletveit og Tone Lise Reilstad forsyner seg frå eit velassortert lunsjbord.  Bjørn Arild Fuglestein bak.|Johanne Foldøy tok initiativ til skulelunsjen for 15 år sidan.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Det var lærar og kvinnesaksforkjempar Johanne Foldøy som i si tid starta tradisjonen. I dag er ho æresgjest og har vore på skulelunsjen kvart år sidan ho slutta for tre år sidan.,

- Eg hadde håpar at alle kommunalt tilsette ville adoptert denne tradisjonen og gjort den til sin eigen, i alle fall alle skular. Eg er så glad for at rektor har omfamna ideen og tykkjer det viktig for fellesskapet. I år er det kanskje ekstra viktig at me markerer dagen sett i lys av krigen i Ukraina. Det blir berre viktigare og viktigare å solidarisk saman, og å hegna om demokratiet og friheita, fortel Foldøy som sit saman med gamle kollegaer.

Verd kvar krone

- Eit så godt initiativ som dette vil me aldri slutta med. Denne lunsjen er verd kvar krone, og det er vår måte å markera dagen på, fortel rektor Bente Tjelta.

Drøsen rundt bordet går lett, og Johanne minnast dei fyrste åra då dei bestilte brød til lusnjen frå Rennesøy bakeri.

- Dei var forma som kvinner, brød med kvinneformer, ler Johanne.,- Eller det året då 9.klassingane laga kake til markeringa, ei skikkeleg «puppe-kake» hugsar Vibeke Meling som har overteke ansvaret for markeringa etter Johanne.

- Uff det var nå mest for drøyt det då, ler Johanne.

Offisiell fridag

I 1910 vart 8. mars erklært som internasjonal kvinnedag, etter initiativ ifrå Clara Zetkin. I 2020 blei dagen offisiell fridag i Berlin. Også i fleire andre land er 8.mars offisiell fridag.

- Då er det minste me kan ha, ein felles lunsj, seier Johanne.

- Det var andre bollar då Johanne hadde ansvaret. Eg minnast ho hadde både talar og song, det kan diverre ikkje eg lova. Men eg skal syta for at det blir god, tradisjonell lunsj så lenge eg har ansvaret, avsluttar Vibeke Meling.

Publisert: