Aslak Bråtveit skal framføra tre av sine eigne songar på gåvekonserten i Hesby kyrkja.

FINNØY:

Han blei 70 i desember i fjor, men koronaen sette ein stoppar for feiringa.,

Alle er sjølvsagt invitert, skriv Aslak på mailen til Øyposten.

-Eg vil gjerne gi konserten i gåve til legedistriktet eg har arbeidd i heile min aktive yrkeskarriere. Og ja, alle er sjølvsagt velkommen.

Spelar mange instrument

Aslak Bråtveit, eller berre Aslak, for folk i Finnøy, gjekk av med pensjon i 2019 etter om lag 40 år i legegjerninga i gamle Finnøy kommune. Dei siste fem åra jobba han som sjukeheimslege. Etter ein mannsalder i yrket har han opplevd Finnøy frå «innsida» og har såleis inngåande kjennskap til folket og kulturen.

Det resulterte i boka «På glytt» som kom ut for fire år sidan. Boka som han finansierte med eigne midlar inneheld små kvardagslege forteljingar om vanleg folk som Aslak har møtt gjennom åra i jobben sin. «På glytt» er ei ærleg og reflekterande bok om sjølve livet.

Men Aslak spelar på fleire strenger, bokstavleg talt. Kontrabass er eitt av fleire instrument. Heilt sidan han var ung har musikken vore ein stor del av livet hans. Heime i stova på Berge tronar eit svart, flott flygel. Ved sida står eit orgel av eldre årgang.

- Eg har spela forskjellige instrument heile livet, musikken har alltid vore viktig for meg. Det er når eg sitt her ved flygelet eg slappar av og hentar meg inn. Fordi musikken betyr så mykje for meg har eg lyst å dela den med andre.

Ønskjer ikkje gåver

,-

Korleis kom du på gi ein konsert til folk i Finnøy?

- I november var eg bassist på ein konsert i Greipstad menighetshus som ein god ven og medmusikant frå studietida i Bergen, Dagfinn Lassen hadde teke initiativet til. Anledninga var 70 års dagen hans. Eg blei inspirert av ideen, og tenkte at eg ville gjera det same i Finnøy. Det passa jo godt i og med at eg ikkje hadde feira min eigen 70 års dag ennå. Eg fekk med meg dei same musikarane og gjorde avtale med kyrkjekontoret.

- Kva slags musikk får gjestene høyra?

- Litt variert, men mykje viser som for det meste handlar om livet, om store og små hendingar. Sjølv har eg skrive tre salmar, dei andre songane har Dagfinn Lassen skrive. I tillegg tenkte eg å lesa opp eit par sjølvskrivne noveller.

Konserten som skal vera 22. april klokka 1900 er gratis og open for alle. Aslak ønskjer ikkje gåver, men viss nokon vil kan dei gi ein skjerv til nytt piano i kyrkja.

Desse medverkar:

Dagfinn Lassen: Song / Gitar

Harald Lassen: Fleire instrument. Landskjend jazzmusikar.

Yngve Mathisen: Piano

Aslak Bråtveit: Kontrabass.