Kva tykkjer du? Mange har teke til orde for at dei ønskjer steinveggene skal bli permanente.

FINNØY:

Mage har peika på den fine kontrasten mellom naturstein og kvitkalken.,

Alle middelalderkyrkjene i kommunen er for tida under restaurering. Regjeringa har sett av ein betydeleg sum pengar for redda steinkyrkjene frå middelalderen over heile landet.

Kyrkjene i vår kommune har i hovudsak to ting til felles; dei er bygd på 1100 - 1200 talet, og dei er bygde i stein.

I Finnøy har hesbykyrkja vore stengt sidan tidleg vinter. Omfattande problem med fukt i veggene inn- og utvendig, har gjort at kalkmalinga må fjernast. Då kyrkja opna igjen sist veke, var det mange som fekk seg ei a-ha oppleving då dei gamle steinveggene i koret kom fram i dagen. Det var jo knallfint.

Mykje finare enn dei kvitkalka veggene, meinte mange. Og på facebook gjekk debatten

- «Det er jo så fint med gråstein at kalking bør vurderast sløyfet i mine øyne», skriv Tor Bjarne Flesjå, som har fått fleire tomlar opp for forslaget

- «God idè Tor Bjarne, svarer Heidi Asheim.

Kanskje er det noko å tenka på? Folkerøysting?

Me ville finna det ut, og tok kontakt med Stavanger kirkelige fellesråd.

- Er det noko i vegen for å ha behalda veggene slik dei er no, byggsjef Rune Langeland Rimestad?

- Oi, den var ikkje lett å ta på strak arm, dette ligg utanfor mitt kompetanseområde, svara han og sende spørsmålet vidare til Morten Stige i Fabrica kulturminnetjenester. Det er dette firmaet som ufører restaureringa av veggene i Hesby.

Og her kom svaret:

«-Det er flere grunner til at det er planlagt innvendig puss på murene i Hesby kirke. Teknisk bidrar pussen til å bevare den middelalderske kalkmørtelen i murkjernen.

Saltene i murverket vil bli trukket ut i pussen og på sikt bryte den ned. Alternativet er at saltene skader selve muren. Det er avdekket mye fukt i murverket på grunn av sement og feil maling. Arbeidene som nå pågår går ut på å hugge bort sementen og erstatte den med kalkmørtel som bedre vil transportere fukten ut av muren. Bortsett fra den tekniske nytten er det også svært sterke kulturhistoriske grunner til å beholde kalkpuss både utvendig og innvendig. Hesby kirke har lyst opp i omgivelsene i mer enn 700 år.

Når man reiste en flott steinkirke ønsket man at den skulle stå frem i landskapet og skille seg fra bergskrenter og steingjerder. Innvendig ønsket man seg en glatt og lys murvegg som kunne brukes til kalkmalerier, men som også var viktig for monumentaliteten i rommet. De hvite veggene gjorde også kirkerommet lyst selv om vinduene er relativt små. Murverket i Hesby er av en type som aldri har vært tenkt å stå uten puss».

Så veit me det, og ein vidare debatt er unødvendig.