– Me har ikkje hatt kø av minkjegerar her, seier driftsleiar Eirik Christophersen i Stavanger kommune:

– Den 16. januar var det ein som leverte 21 dyr. Så er det ein annan som har sagt at han snart skal levere.

Måndag 15. januar innførte Stavanger kommune 1000 kroner i skotpremie for mink felt i Finnøy eller Rennesøy kommunedelar. Ordninga gjeld innanfor ei ramme på 300.000 kroner.

– Eg har sagt at mink felt etter 1. september i fjor kvalifiserer til skotpremie, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune:

– Slik sett treng det ikkje vere mistenkeleg at ein jeger leverer 21 dyr den 16. januar.

Øyposten har fått tips om at den aktuelle jegeren er frå Rennesøy, men har ikkje fått det stadfesta.

Ein annan jeger som har meldt frå at han snart skal levere mink, er Ole Petter Ljosdal frå Brimse.

– Eg har trena opp ein hund og har tatt ein del mink både på Brimse, Rennesøy og Åmøy. Sidan 1. september i fjor har et tatt nokre og 30 mink, seier Ljosdal.

For å vere kvalifisert til å få skotpremie må ein vere busett i Stavanger kommune, ha godkjenning frå grunneigar, ha betalt jegeravgift og ha registrert seg som jeger via kommunens nettsider.

Død mink skal leverast til driftsstasjonen Hausken i Hauskeveien 99 på Rennesøy. Her må folk kontakte driftsleiar Eirik Christophersen på telefon 97971080 for avtale ei tid.