Legg om bussruta under Rennesøydagen
Frå fredag kveld til laurdag kveld vil busshaldeplassen Vikevåg kai vere ute av spel.
Rennesøydagen går av stabelen frå fredag til søndag, med stor marknad i Vikevåg sentrum laurdag. Kring 80 utstillarar har meldt seg på, og det vil bli rigga opp diverse telt.
I samband med dette har Kolumbus lagt om bussruta. Dei melder dette på nettsida si:
«Fra fredag, 25. august kl 17:00 til lørdag, 26. august kl. 20:00 blir det omkjøring i Vikevåg, og holdeplass Vikevåg kai vil ikke bli betjent.
Rute 10, 31, 33, 34, N89 og SK4202 kjører i stedet E39 – Håvarsteinveien (om skolene) – Vikevågveien, som vist på kartet.»