FINNØY: -Det er stor pågang av planar om å byggja ut kraftnettet, som gjer at behandlinga av søknaden blir kraftig forsinka, opplyser kommunikasjonssjef Invild Ween i Lnett til Øyposten.

Lnett gjorde seg ferdig med saka i mai, og sende den vidare til NVE for konsesjonsbehandling. Planen var at behandlinga skulle vore i gang nå i haust, med folkemøte på Finnøy om saka. Men dette blir nå sterkt forsinka. Det er ventetid på å få saksbehandlar hos NVE, noko som kan ta inntil 8 månadar.

Når saksbehandlar er tildelt prosjektet, så legges saka ut på høyring og prosessen med å behandla prosjektet kan begynna.

Om det blir noko folkemøte før jul, kan ikkje Ween seia noko sikkert om.

-Det er fare for at det vil gå over jul før det blir arrangert, seier ho.

Regjeringa har sett ned eit straumnett-utval, som skal sjå på kva som kan gjerast for å framskunda saksbehandlingstida hos NVE. Om dette kjem til å få følger for denne kraftforbindelsen, er like vel uvisst.

På ei møte i Sandnes nyleg blei det klart at det ikkje er straumforsyning til meir enn bustader og mindre bedrifter på øyane.