«Heim for 50» fortset ut året, men bruken er laber

Kolumbus spyttar i slik at ordninga «Hjem for en 50-lapp» kan halda fram i Finnøy. Men viss ikkje fleire brukar ordninga, kan det sjå mørkt ut neste år.

Heim for ein 50-lapp blir eit tilbud ut året for ungdom frå Talgje og Finnøy.
Publisert:

STAVANGER: Heim for ein 50-lapp på Finnøy fortset ut 2022, melder Stavanger komnmune.

Det var eigentleg slutt på pengane til prosjektet sist helg, men kommunen har fått ekstramidler frå Kolumbus slik at det blir eit tilbud frå og med denne helga -natt til 2. oktober - og ut året.

-Dette er ein fin og trygg måte å koma seg heim på for ungdom på Finnøy, seier Imme Dirks Eskeland i Klima- og miljøavdelinga i Stavanger kommune.

-Bruken har vore veldig laber i sommar og tidleg i haust. Men dersom bruken går opp og me kan visa at det er behov for eit slikt tilbud på Finnøy, kan me søkja om pengar også i 2023», legg ho til.

Imme Dirks Eskeland

Opplegget ut året blir det same som før. Maxitaxien har avgang klokka 0200 om natta frå taxiholdeplassen i Kongsgata, mellom Domkirkeplassen og Klubbgata.

Maxitaxien har åtte ledige seter og ungdom mellom 18 og 24 år betalar 50 kroner for taxituren. Taxien vil køyra ein fast runde på Talgje og på Finnøy, med mulighet til å køyra 2–3 kilometer inn i stikkveier for å frakta ungdommane heilt heim til døra.

-Dersom det er plass i maxitaxien kan vaksne over 24 år også sitja på. Taxituren vil då kosta 100 kroner, og dei kan bestilla plass mellom klokka 22 og klokka 22.30. Dei vil også få vita om det er plass eller ikkje før siste båten til Judaberg går frå byen klokka 23, opplyser Imme Dirks Eskeland.