Finnøy Pizza har slått seg saman med Dickins Bar & Restaurant, som Øyposten melde måndag.

Onsdag gjekk opninga etter planen.

– Me skulle innom Finnøy Pizza, men så såg me på døra at dei hadde flytta opp hit, fortel Vetle Skavland og Benjamin Vedøy.

Dei kjem med firehjuling frå Talgje for å kjøpa lunsj.

– Me jobbar med å montera takrenner på ein nabogard, fortel dei to.

Vetle går i niandeklasse på Tryggheim Strand, fortel han, medan Benjamin går første året bygg og anlegg på Tryggheim Nærbø. Denne veka har dei vinterferie.

Dickins har no ope frå klokka 13 til 20 på kvardagar, tysdag til torsdag. I helgene er opningstida lenger. Måndag er det stengt.

Louie Jayesingha jobbar for Stephan Dickinson og gjer reint med høgtrykksspylar før opninga onsdag. – Eg kan gå av med pensjon i april, men eg trur ikkje eg vil pensjonera meg før eg ligg på kyrkjegarden på Hesby, seier Louie. Foto: Sigbjørn Høidalen