FOGN: Usikkerheita og høge energiprisar har gjort at ingen produsentar i Finnøy har produsert heilårstomatar i år. Skyhøge prisar på naturgass i fjor på denne tida gjorde at dei aller fleste gjekk tilbake til propangass. Allereie har ein del gartnarar inngått avtale om kjøp av propangass fram til sommaren 2024. Dette blei gjort for å sikra seg mot endå høgare prisar.

Lys, bra for miljøet

– Når det gjeld tilleggslys, trur eg berre det er snakk om tid før det finst i alle veksthus. Ekstra lys gir større avlingar i tillegg til litt varme. Så ekstra utgifter til straum, får ein igjen ved auka produksjon.

Også med tanke på miljørekneskapen er det smart med tilleggslys. Så lenge straumen er fossilfri blir miljørekneskapen betra med at ein får ca. 40 prosent meir tomatar utan meir CO₂ utslepp.

Litt gambling

– Å binda seg til ein fast energiavtale har ein viss risiko. Me opplever at gassprisane har gått ein del ned den seinare tida. Akkurat nå er prisen på naturgass og propangass meir eller mindre lik, dermed er det ikkje godt å vita kva som er lurt å gjera på litt sikt. På grunn av for mange usikkerheitsfaktorar må me alltid velja den mest gunstige energiberaren. Marknaden for energi vil vera usikker dei neste åra, så ein må nok kombinera sikring og gambling.

Stortinget har nyleg vedteke ei midlertidig ordning for straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa fram til 1. juli 2023. Dermed kan gartnarane senka skuldrene litt.

– Kva gjer at prisane på naturgass har gått ned?

– Grunnen er at det har vore ein uvanleg mild vinter i Europa. USA har levert mykje LNG gass med skip, og dermed er lagera fulle, seier Jon Olav Runestad.

Næringa i framtida

Runestad fortel at vanlege, runde tomatar er på veg inn igjen i større grad enn tidlegare, og dei mest eksklusive sortane er det mindre av.

– Det er tydeleg at marknaden spør etter litt andre ting. Om det er nøysamheit, eller ei naturleg utvikling med trendar som skifter, det veit eg ikkje. Men på Fogn er det ingen som produserer perletomatar i år, men fleire enn før som har vanlege, runde tomatar.

– Kva trur du om framtida til næringa?

– Marknaden for energ vil vera usikkert dei neste åra, så einmå nok kombinera sikring og gambling. Utviklinga mot færre og meir spesialiserte gartnerier vil forsetta. Veksthusbygga blir stadig meir teknisk avanserte, og effektivisering og robotisering vil prega framtida. Det blir neppe robotar som plukkar tomatar med det første, men dei vil nok overta enkelte pakkeprosessar. Eg fryktar at næringa vil bestå av for få produsentar i framtida, dette vil igjen legga press på politiske vurderingar som til dømes importvern. Me ser at per i dag stiller både Høgre og Venstre spørsmål om ei justering av importvernet for landbruksprodukt. Me må i framtida evna å skapa endå meir preferanse for norske grønsaker i form av betre smak og kvalitet, og ikkje minst betre miljørekneskap.

Trass i dystre utsikter blei fjorårets sesong brukbar økonomisk.

– Ja, me klarte å ta ut høgare pris for tomatane, slik sett kan me ikkje klaga, avsluttar Runestad.

Norske tomatar har tollvern frå 10. mai til 15. oktober.