Val 2023 – Dette skjer i dag

Valfunksjonærane er klare til å ta i mot stemmer til kommune- og fylkestingsvalet i Fleirbrukshallen. Vallokala opna klokka 10.

Else Vignes og Bodil Nesvik Engstrøm er blant dei som er klare til å ta i mot røystar i Fleirbrukshallen.
Publisert:
Vallokala for Finnøy krets er i Fleirbrukshallen på Finnøy. I andre etasje kan du stemme til kyrkjevalet.
Du kan også røyste i gymsalen på Sjernarøy oppvekstsenter. Der sit denne gjengen klar til å hjelpe deg.

No er det siste moglegheit for å røyste til kommune- og fylkestingsvalet 2023. Vallokala er opne til klokka 21.

Veit du ikkje korleis ein stemmer? Då er valfunksjonærar til stades i alle lokala for å hjelpe deg.

Alle som er folkeregistrert i Stavanger kan levere stemme i det røystelokalet som passar best for dei.

Øyposten følgjer valet direkte utover kvelden og vil legge ut saker på nett når dei første resultata kjem like over klokka 21 og vidare framover mot midnatt.

Publisert: