Menn med hatt ville at Finnøy og Sjernarøy skulle gå saman
Onsdag 4. mars 1964 var Kommunalkomiteen i Stortinget på synfaring i øyane for å sjå på samanslåing av Finnøy og Sjernarøy kommunar.
FINNØY: Øyposten kan publisera unike bilete frå turen, som ikkje har vore offentleggjorde før. Bileta er frå kjellaren til journalist Oddvar Lavold i Flekkefjord, frå den tida han arbeidde i Aftenbladet.
Det er Jone Laugaland som har henta filmane hos enka etter Lavold, Doris Lavold. Bileta er framkalt av Terje Bråtveit på Sand.
Komiteen blei skyssa rundt med «doktorskyssen» til Torvald Espeland, båten «Espen». Det er morosamt å sjå dei høge herrar på tur, alle i tidsrette klesplagg: hatt og frakk, med unnatak av Torvald Espeland. Men han hadde til gjengjeld dressa seg opp med kvit skjorte og slips.
Medlemmene av komiteen saman med formannskapa i Finnøy og Sjernarøy fekk ein herleg tur kring øyar og gjennom sund og fjordar i strålande mildt ver, skriv Lavold i Aftenbladet etter turen.
Stortingsmann Bjarne Lyngstad (Venstre), han blei seinare landbruksminister, ringde til fylkesmannen i Rogaland, Paul Ingebretsen føre turen og ba han ordna med fint vêr under turen.
Til det svara Ingebretsen momentant: «Vorherre mildner luften for de stakkede Faar!», som er eit dansk sitat. Lyngstad snakka under turen fleire gonger om dette, og lurte på kva fylkesmannen eigentleg hadde meint med det.
Frå Hjelmeland gjekk turen med «Hjelmelandsfjord» til Fogn, der nokre av komiteen fekk drosjetur opp til den nye skulen og fekk prata med elevane.
Vidare bar det med «doktorskyssen» om øyane Bokn, Byre og Halsnøy til Eidssund på Ombo, der det blei landgang i nokre minutt.
Etterpå bar det inn Hidlesundet og Aubø i Sjernarøyane, kor det også blei ein tur i land. Men komitemedlemmene nordanfrå prata bare om botanikk, fordi dei oppdaga så mange sjeldsynte planter og buskar der.
Deretter blei det tur gjennom Helgøysund til Judaberg og middag på Rygjabø Husmorskule.
«Middagen blei servert på hotellvis. Jentene serverte den gode maten heilt på kelnarmaner, og då Aftenbladet sin medarbeidar ymta frampå at dette kunne takast som avgangsprøve med god karakter, kommenterte skuledirektøren straks at han ville ha ny prøve - noko som blei samrøystes vedtatt!», skriv Oddvar Lavold.
Det var stor enighet mellom Finnøy og Sjernarøy om at dei to kommunane burde gå saman, men dei ville også ha med Fisterøyane av omsyn til skulen. Men det var Fister-buen i mot, og det blei diskusjon mellom dei tre kommunane.
Frå Fister-hald blei det hevda at Fister-Hjelmeland trong øyane for å oppretthalda skulen. Dessutan ville det bli greiare veg til Fister enn til Finnøy, men det blei avvist av Finnøy og Sjernarøy sine representantar. For det er både skulerute og mjølkerute på strekkjene mellom øyane, og det er ytterst sjeldan at det er så hardt vêr at det gjer noko.
Fister-buane ymta også frampå at det kunne bli bru over Ølesundet til Randøy, men den vil truelg kosta millionar, står det i referatet frå turen.
Viss øykommunen får med Jelsa-delen av Ombo og Fisterøyane, og Hjelmeland, Fister og Årdal blir slegne saman, vil folketalet i dei to kommuane bli omtrent likt: 3000.
Med på møtet var varaordførar i Finnøy Geirulf Lauvsnes, Ludvig Rødne frå Sjernarøy og Olav Tytlandsvik frå Finnøy. Frå Fisterøyane var Andreas Skartveit med, pluss varaordføraren i Fister, Sigmund Sigmundstad.
Etgter møtet, som vart halde på skulen på Finnøy, var det busstur rundt øya. Om kvelden kom komiteen til Stavanger og tok nattoget til Oslo.