Næringslivet på Fogn bidrar sterkt til det grøne skifte

Både tomatpakkeriet og butikken har nyleg installert solcellepanel, medan kyllinghuset til Ivar Opsal og hønsehuset til Birger Bøe kjem hakk i hel.

Joker Fogn har den seinare tid gjort fleire omfattande tiltak som reduserer straumforbruket.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

I tillegg er Kristoffer Østhus i ferd med å få på plass ei kombi-løysing med vindmøller og solcellepanel. Øyposten kjenner også til at det er søkt om å få setta opp ei såkalla gardsvindmølle på øya.

«Grøne lån»

– Dette har me venta på lenga, og er svært godt nøgd med at det nå er på plass, seier Arne Torgersen, dagleg leiar i Ryfylke tomat SA.

Torgersen fortel at anlegget som blei kopla til denne veka vil halvere det årlege straumforbruket, og reknar med at utgiftene vil vera inntente etter seks år.

– Straumrekninga er bortimot femdobla den siste tida, så me var nøydde for å setta i verk tiltak. Me får heller ingen kompensasjon frå staten sjølv om pakkeriet er eigd av produsentane. Med det nye anlegget som skal produsera rundt 22 000 kilowatt, er me eit godt stykke på rett veg.

Pakkeriet på Fogn

Ryfylke tomat SA har fått eit «grønt lån» frå Hjelmeland Sparebank som i praksis betyr 1 til 2 prosent lågare rente enn dei ville fått til ei ikkje-grøn investering.

Høge straumprisar er også utfordringa for Joker Fogn. Til liks med pakkeriet ønskjer dei solceller for å få ned kostnadane. Butikken møter kriteria som skal til for å kunne søke om støtte gjennom Merkur-programmet. Det betyr at dei får dekka 50 prosent av utgiftene på rundt 400 000 kroner.

– Straumutgiftene har auka enormt den siste tida, difor måtte me sjå på alternative løysingar. Per nå ser det ut til investeringa er innspart innan 10 år, men tidlegare viss straumprisane held seg høge. Me veit jo ikkje sikkert kva som vil skje,om prisane vil gå opp eller ned, seier Ivar Opsal, som er ein av fire eigarar i Joker Fogn. Han held fram: Solcelleanlegget er ei fornuftig investering som vil vera gunstig i lang tid framover, og til tider vil butikken vera sjølvforsynt med straum.

Dekker årsforbruket

I periodar på året med stor straumproduksjon og lite forbruk, vil butikken kunne selja overskotsstraum via nettet. I andre delar av året med stort forbruk, vil dei framleis måtte kjøpa straum fordi solcellene ikkje gir nok straum.

Privat er Opsal i ferd med å installera solcellepanel på kyllinghuset sitt på Runestad.

– Eg er ikkje like sikker på om nytteverdien er den same på kyllinghuset. Det er ei vanskeleg vurdering, men eg trur likevel det vil vera lønsamt på sikt. Når panela fyrst er på plass på taket, et dei ingen mat og er tilnærma vedlikehaldsfrie. Installeringa skal vera klar til oppstart rett etter 17. mai.

Han har søkt om tilskot gjennom Inovasjon Norge – landbruk.

– Det er lang behandlingstid, så eg veit ikkje enno om eg får støtte, eller kor mykje, seier Opsal.

Litt lenger nede i vegen på Runestad er Kristoffer Østhus i ferd med å legga til rette for ei kombinert vind og sol- løysing som består av to vindmøller, solcellepanel og ein batteribank. Installasjonen er er ein del dyrare enn colcellepanel, men er til gjengjeld meir effektiv.

Slik ser installasjonen til Kristoffer Østhus ut.

– Totalprisen er rundt 1.4 millionar kroner og skal gi 80 000 kw per år, det er det same som heile straumforbruket på garden. Det er ei stor investering, men det er heldigvis berre éin gong, fortel Østhus, som til liks med Opsal har søkt støtte til installasjonen gjennom Inovasjon Norge.