Emilie fekk æra av å klyppa snora til den nye leikeplassen

Barnehagen på Sjernarøy har fått ny leikeplass, med mange og fine leikeapparatar. Både foreldre og tilsette er begeistra for opprustinga.

Eline fekk æra av å klyppa snora, med hjelp av avdelingsleiar Alice Helgøy.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Dette er den finaste leikeplassen i heile kommunen, slo avdelingsleiar Alice Helgøy fast i anledning åpninga av uteområdet.

Emilie fekk æra av å klyppa snora, godt hjelpt av Vanessa og Jørgen.

Den nye leikeplassen har mange fine leikeapparatar, rusjebanar, sykkeløype og trommel, og ligg veldig fint til med sjøen rett utanfor. Men, det er trygt gjerde rundt uteområdet, så det er ingen fare.

Etterpå var det fest for kakemonsar.

Barnehagane frå Ombo og Fogn var med på opninga, og Rødne spanderte gratis tur på barna frå desse øyane. Etter snorklyppinga var det kake, både marsipan- og sjokladekake, saft til barna og kaffi til dei vaksne. Kakene var spandert av Grieg Seafood sitt lakseslakteri på Helgøy.

Då kakene og safta var unnagjort fekk ungane boltra seg på den nye leikeplassen saman.

Til og med eigen kikkert er det på den nye leikeplassen.

Eline Bø Roverud er pedagisk leiar i barnehagen på Fogn, men har også tidlegare vore pedagogisk leiar i barnehagen på Sjernarøy.

-Dette var ei veldig nødvendig oppgradering, med pedagogisk rette leikeapparater. Eg er veldig glad på Sjernarøy sine vegne , og festen her i dag er noko me har gleda oss til på Fogn lenge. Dessutan kan barna leika saman heile dagen, det er fint, seier ho.

Her blir den nye flotte rusjebanen prøvd.

Også foreldra er begeistra over det nye uteområdet.

-Det er blitt veldig fint, seier Kjesrti Saksen Hammer og Elin Norheim.

-Dette var heilt nødvendig, for det har ikkje vore railer her på tre år. Barna måtte bruka skulegarden som leikeplass når skuleborna hadde time, seier dei, og synes den nye leikeplassen er både god og variert.

-Det nye uteområdet til barnehagen er blitt veldig fint, seier Eilin Norheim.