Oppgradering av skatebanen på Judaberg

Skatebanen på Judaberg er blitt svært populær blant barn og unge på Finnøy. Fredag var Hauske Tre på plass for å gjera nokre mindre utbetringar.

Eirik Linndal (t.v.) og Simon Tønnesen i gang med å festa røyrane mellom platene i skateparken på Judaberg.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Me skal festa røyrane i overgangen mellom treplatene, forklarer Eirik Linndal, eigar av Hauske Tre til Øyposten.

Det er ein av manglane som brukarane av skateparken har bemerka, og som nå skal bli i orden.

Elles er Linndal godt nøgd med at banen han har bygd blir mykje brukt.

-Materialane som er brukt er i Mercedes-klassen, så det er kjekt at han blir brukt, seier Linndal.